Weiset_690x480

Strålande Beatles-hyllest!

Ei nesten fullsett storstue i Surnadal kulturhus fekk oppleva ein konsert fylt med mange slagere frå katalogen til Beatles, som til dømes «Penny Lane», «Yesterday» og «Let it be».  Det fekk publikum heilt til å gløyme vinden og regnet ute.

Det var Sangkoret Tormod, Halsakoret og Sunndal Musikkforening som var aktørar, samt to dyktige solistar. Desse fekk til ei forestilling som verkeleg fekk publikum i god stemning. Ein energisk og sprudlande dirigent, Sander van der Loo, hadde kontroll på taktstokken og losa oss trygt gjennom konserten med artige anekdoter om korleis songane vart til.

Korpset og koret lèt mektig og godt ilag, samt at solistane John Rasmus Leinum og Øyvind Weiset gjorde ein utmerket jobb. Weiset`s Blackbird må trekkjast fram som eit av mange høgdepunkt denne kvelden. Vi får heilt sikkert høyre meir frå den karen framover!

Dette var den siste konserten på «mini-turnèen» og aktørane kan med godt samvit puste ut, for dette var ein skikkeleg flott opplevelse for oss som sat i salen.

Sander_690x481.jpg
Sander van der Loo

leinum_690x481.jpg
John Rasmus Leinum

Weiset2_690x481.jpg
Øyvind Weiseth