IMG_0499_1024x683

Strålande Halsa-cup

Fleire fotballag frå idrettslag i Surnadal deltok på årets Halsa-cup som vart avvikla under strålande forhold laurdag. Det gjekk fotballkampar på fem banar kontinuerleg frå klokka 10 til 16, og innsatsen var stor sjølv om varmen gjorde seg gjeldande utover dagen. Trollheimsporten har fått ein rapport i bilete frå bæverfjordingane som deltok på cupen med eit blanda 10-årslag, men det er også kjente fjes frå andre lag å sjå på bileta vi har fått.

Duell mellom bæverfjordingar og Surnadals-jenter. Alle foto: Torhild Bæverfjord

Halsa-cup gjekk berre over ein dag i år, og det vart heller ikkje cup for 12-åringne, men til gjengjeld deltok mange Kristiansundslag. Det var derfor god deltaking også under årets cup.

Alle spelarane på årets cup samla på tribunen. Hugs at det blir spela 5ar-fotball! Dette blir mange lag.

Vi zoomar inn på tribunen: Her skulle det vera kjenningar å finne både for surnadalingar, stangvikgardingar og bæverfjordingar!

Surnadalsjenter møter blandalag frå Bæverfjord.

Fairplay skikk og bruk på banen!

Strålande fornøgde jenter og gutar på Bøfjord/Bæverfjord G10 etter siste kamp.