Strålande jubileumskveld på Kleiva
Med både Henning Sommerro og hans musikalske gjestar i storform, vart den 25. utgåva av Kleivakvelden ein kjempesuksess.
Suksessformelen for den 25. Kleivakvelden var like enkel som den var genial: gje Henning Sommerro frie tøyler som hovudartist, og la han binde saman ei samling aktørar av høg kvalitet, slik berre han kan.
Med godt tilmålte doser av både sjølvironi, godarta moro på musikarvenene si bekostning og storarta historieforteljing, skapte Sommerro nok ein gong ein kveld som slo an hos Kleivapublikummet.
Etter at Surnadal Hornmusikk hadde sett stemninga med mellom anna New York, New York, gjekk Henning sjølv på scena og song "Nordmannen", betre kjend som "Mellom bakkar og berg". Melodien til Aasen-diktet er laga av Ludvik M. Lindeman, som har opphavet sitt på Øverlandet i Surnadal.
Sommerro fekk snart selskap på scena av godt opplagte Brazz Brothers og John Pål Inderberg, og dermed var stemninga sett for alvor.
Framleis heldt regnet seg unna, og publikum let seg tydeleg begeistre då Sommerro, Sigrid Vetleseter Bøe, Trygve Brøske og Anders Larsen song og spelte "Morgon", "Sol borti Hjelma" og "Nordmørsminne". Sistnemnde vart framført som ein alldeles nydeleg duett mellom Sommerro og Vetleseter Bøe, og vart eit av kveldens største høgdepunkt.
Henning Sommerro var i storform under Kleivakvelden 2019.
Populær diktmønstring
Svein Sæter tok konferansieroppgåva då det var klart for diktmønstring frå Kleivascena. Scena var for øvrig flunkande ny, og er sett opp i samarbeid med Surnadal kommune og Talgø MøreTre. I diktmønstringa vart sju dikt, skrive av barneskuleelevar frå ulike skular i kommunen, lest opp. Fem av dei var til stades på Kleiva for å lese sine eigne dikt.
1. klassing Romilly Flatekval vart den første som nokon gong har deklamert dikt på engelsk frå Kleivascena, og i tillegg til Romilly deklamerte Ingeborg Saltrø Polden (Stangvik, 7. trinn), Vilde Lie-Fjeldvær (Øye, 4. trinn), Jonas Aune (Mo, 5. trinn) og Jarand Husby Haugen (Øye, 6. trinn) dikta sine.
Konferansier Sæter deklamerte dikta til Trym Husby (Todalen, 2. trinn) og ni år gamle Solvår Rosvoll Bøe (Bøfjorden og Bæverfjord).
Diktmønstringa var eit populært innslag blant publikum, som og sette pris på den påfølgande runden med Brazz Brothers. Det gjorde dei og på Holger Skei, som Henning Sommerro fekk til å lese eit upublisert dikt av Hans Hyldbakk. Diktet handla om ein kveld der Hyldbakk skulle få besøk av to damer, men der damene aldri møtte opp, som avtalt.
Skei si diktopplesing fekk fortent stor og god respons frå Kleiva-publikummet.
Publikum hadde jamt over mykje å sette pris på denne laurdagskvelden på Kleiva, og det var ikkje noko unntak då Sommerro, Larsen og Brøske inntok scena på nytt. Etter kvart fekk dei tre selskap av Vetleseter Bøe, og dei fire bekrefta nok ein gong kor høgt nivå dei held.
Det gjorde og Torstein Snekvik, som spelte dei to sjølvskrivne låtane "Lætt det skje" og "Bryt mønsteret", saman med eit band beståande av Brage Kristian Einum, Olav Nergård Tørset, Sondre Skogseth, Ola Langli og Øystein Hjelle Bondhus.
Kleivakveld-diktarane frå venstre: Ingeborg Saltrø Polden, Jarand Husby Haugen, Jonas Aune, Synne Lie-Fjeldvær og Romilly Flatekval. Dagleg leiar i Laget Vårsøg Gerd Ingrid Kvendset (bak) og diktseanse-sjef Svein Sæter (framom) var kjempeimponerte av dei dyktige diktarane.
Inderberg-dikt og nydeleg "Vårsøg"
Brazz Brothers inntok både scena og "scenegolvet" ute blant publikum då dei drog ein runde boogaloo-jazz. Dei fekk med seg eit engasjert publikum på allsong, og dei glade sunnmøringane har verkeleg sett sitt positive stempel på denne Vårsøghelga.
Ingen Kleivakveld utan "dikt"-lesing av John Pål Inderberg, som til tonar frå både seg sjølv og Henning Sommerro var innom både det komande kommunevalet, Surnadal billag, Laksedagene i Surnadal og andre lokale forhold. Dette sette latterdøra på vid gap hos store deler av Kleiva-publikummet, som deretter venta spente på å få vite kven som stakk av med Kleivaprisen 2019.
Årets vinnar vart kunstnar Jon Arne Mogstad, som mottok prisen frå Tove Lise Torve.
Henning Sommerro sjølv avslutta Kleivakvelden slik den skal avsluttast - med ein knakande flott versjon av "Vårsøg". Med seg på scena hadde musikaren og komponisten då både Inderberg, Vetleseter Bøe, Brøske og Larsen, og publikum var ikkje seine å be då Sommerro ville ha dei med på allsong av førsteverset.
Det sette eit verdig og flott punktum for det som var ein alldeles glimrande Kleivakveld.
Det var som vanleg tettpakka på Kleiva under Kleivakvelden.