3

Strålande juleavslutning i Storstuå

Song av full hals, entusiastisk klapping frå første strofe og ein stor og god porsjon julestemning gjorde juleavslutninga til Øye skule i Storstuå til ei flott markering for både elevar og tilsette.

Ingressfoto: 3. trinn framfører "Jul i svingen".

Det store engasjementet til elevane vart klart allereie då 1. trinn klinka til med boblande versjonar av «Rudolf er rød på nesen» og «Jeg gikk meg over sjø og land».

Allereie før første refreng på første song tok medelevane til å klappe takta, og då var i grunn stemninga for årets juleavslutning for Øye skule sett.

Med 255 elevar og nærare 50 tilsette fyller skulen Storstuå i Surnadal kulturhus når dei samlast. Kombinasjonen av nissehuver og nissedrakter, «dabbing» og rein og skjær songglede, gjorde heile seansen til ei flott oppleving, som lokka fram smilet hos dei frammøtte.

2. trinn imponerte med «Vi tenner våre lykter» og «Nisselåven», og 3. trinn med «Jul i svingen» og «Sledetrall». Det var tydeleg at elevane hadde øva godt, for tekstane satt som dei skulle.

Thomas Breivik og Jostein Eidsli Rodal var stødige konferansierar, og fikk publikum med på både skikkelege applausar og taktfast «Rai Rai»-roping med sterk innleving.

«Julefest» og «Jeg så mamma kysse nissen» var neste låtar ut på programmet, med fjerdetrinnet i hovudrollane, medan 5. trinn varta opp med eit julepotpurri med kjende julesongar.

Den allereie gode stemninga i salen vart endå betre då sjette- og sjuandetrinn viste fram både dans og song.

Sjetteklassingane song først «I en natt», før dei slapp laus rockeføtene i «Rockin’ around the Christmas tree».

Med scenevante Øystein Lysø i rollen som julenisse drog dei eldste Øye-elevane til med «På låven sitter nissen» med tilhøyrande dans og skodespel – alt gjennomført med fullt trøkk.

Etter at sjuandeklassingane så hadde vist fram ein imponerande god sjølvlaga video på lerretet, sørga dei for at avslutninga på julekonserten nok og vart det største høgdepunktet.

Heile trinnet inntok nemleg scena og dansa til «All I want for Christmas», og den flotte koreografien vart gjennomført med ei slik glede at det smitta over på både medelevar og tilsette i publikum.

– Dette var veldig gode framføringar av alle trinna, og det tykkjer vi fortener ein stor applaus, konkluderte konferansierane, og det er lett å støtte den påstanden.

For det er liten tvil om at juleavslutninga, som vart avslutta av at einingsleiar Kåre Herrem ønska alle ei riktig god jul, sørga for skikkeleg julestemning i Storstuå denne fredagen.

Ungane såg ut til å storkose seg, både på scena og som publikum, og saman sette dei eit flott punktum for skulehausten.

3
4
4
5
5
6
6
7
7
konferansierer Thomas Nordvik og Jostein Eidsli Rodal
kåre herrem
oversiktsbilde
solistar All I want for christmas
1
1
2
2