Skiskytingens dag 13_1024x683

Strålande "Skiskytingens dag"

Det var strålande forhold da Indre Nordmøre forsvarsforening inviterte til "Skiskytingens dag" på Nordmarka laurdag. Oppmøtet kunne ha vore betre, men dei som møtte fram viste stor iver og gjekk dei rundane dei skulle i løypa- med skyting på standplass innimellom. Som seg hør og bør vart det sjølvsagt også enkelte strafferundar, og dei vart pliktoppfyllande gjennomført utan klagar. Og etterpå vart det skiskyttarmerke å få for deltakarane!

Det heile gjekk føre seg under kyndig oppsyn av Odd Trodal, Olav Jostein Holten og Knut Sæterbø- veteranar frå arbeidet med opparbeiding av skiskyttaranlegget på Nordmarka.

På standplass møtte vi brørne Helge på fem og Ola på ni, saman med nabojenta Jorunn på 11 år. Dei hadde allereie sikra seg skiskyttarmerket i finveret på Nordmarka. Dei to karane har vore på "Skiskytingens dag" også tidlegare, og har tydelegvis oppdaga at skiskyting er artig. Jorunn seie at også ho kanskje kan tenkje seg å prøve dette ein gong til. 

Klikk på bildet for å sjå det større! Foto: Norunn Holten

Skiskytingens dag 13_1024x683
Frå venstre Helge (5 år), Ola (9 år) og Jorunn (11 år) kosa seg på med skiskyting på Nordmarka laurdag.