
Forbod mot aurefiske frå land eller båt i april
Strammar inn på fiskereglane

Direktoratet for Naturforvaltning har no offentleggjort reglane for fiske etter anadrome laksefisk i elv og sjø for 2011. Vedtaket inneber at dei gjeldande reglane for fiske med faststående reiskap i sjøen blir vidareført i 2011.
Men når det gjeld fritidsfiske med stong eller snøre i sjøen, blir det altså strengare reguleringar på strekninga frå og med Rogaland til og med Sør-Trøndelag. Dette er gjort av hensyn til bestandssituasjonen for sjøaure.
Det blir full revisjon av fiskereguleringane i 2012. 2011 blir dermed eit overgangsår, der det i størst muleg grad blir lagt opp til videreføring av gjeldande fisketidsreglar. Det har likevel vore naudsyynt å endre reglane i ein del vassdrag for å følgje opp beskatningsråd frå Vitenskapelig råd for lakseforvaltning, heiter det i grunngjevingane frå direktoratet. Det har også vore naudsynt å innføre strengare reguleringar for fritidsfiske etter anadrome laksefisk i sjøen.
Aldri før har det vore så strenge restriksjonar som det er i fisket etter aure og laks denne sesongen. 20 vassdrag i Møre og Romsdal har strenge restriksjonar, og det er totalforbod mot fiske i fleire av dei.

.png)

