Strikkhopping

I dag hadde Trollheimen Klivarlag aktivitet ved Mjohølbrua i Rindal. Dei dreiv med pendelhopping frå den nedste brua. "Utrolig hva disse unge vover!"

Sjå på bilda nedafor av hoppa til Sigrid Kaupang, Petter Bævre og Lars Inge Harang. Lasse Løfaldli hadde hoppa før desse, og fleire hopp vart det seinare. Det såg vågalt ut, men vi såg også at dei var nøye med sikring og kontroll. Sikker på at det kjennes godt ut i magen der dei svingar fram og tilbake!