stupebrett_210710_350x206

Stupebrett på plass på Svissholmen

Stupebrettet på Svissholmen er no montert og klart til bruk, melder stangvik.no. Carsten Andersen og Tore Gjul la siste hand på verket medan det var fjære sjø onsdag, slik at dei kom seg tørrskodd ut til holmen stupebrettet er montert på. På flo sjø må ein altså svømme ut til holmen.

Styret i grendalaget i Stangvik synest brettet vart eit reint så elegant syn, og gjer Svissholmen til ein enda betre stad å vere på finversdagane.

Seinare på onsdagdagen tok ein dugnadsgjeng seg på tak og fjerna tang frå stranda.

"No gler vi oss berre til finveret som er meldt til helga", konstaterer dei på stangvik.no.