Ola_Heggem_300x258

Styrk organisasjonane og Sp!

Statssekretær Ola T.Heggem seier til Trollheimsporten som kommentar til at ledaren av Rindal Bondelag trekker seg (sjå eige oppslag), at verv og medlemskap i organisasjonar er ei frivillig sak. Ola T.Heggem stiller som ordførarkandidat for Senterpartiet ved kommunevalget til hausten. For han har det likevel ingen spesiell betydning at denne reaksjonen kom frå Rindal.

Heggem meiner at dette er totalt misforstått strategi viss ein vil styrke landbruket i Norge. Han er klar på at ein ved dette jordbruksoppgjeret har utnytta det politiske handlingsrommet maksimalt.

Vegen framover må vere å styrke organisasjonane og Senterpartiet, som er det sterkaste jordbrukspartiet kanskje i heile Europa, seier Ola T.Heggem. Han legg til at han sjølvsagt ser behovet for fortsatt løft for jordbruket, men at det er strategien han er uenig i.
 

På nettsidene til Norges Bondelag finn du eit rekneark er du kan sette inn tala frå bruket ditt for å sjå kva resultatet av jordbruksoppgjeret betyr for deg, avsluttar Heggem.