bokbad_1024x683

Suksess for «Dalapop»

Roman og medfølgjande CD, show, kunstutstilling og bokbad har til saman gjort «Dalapop» til eit spennande og vellykka konsept vi ikkje tidlegare har sett maken til i Surnadal. Over to heile dagar har «Dalapopen» i ulike utgåver vorte hylla, og publikum har strøyma til. Ikkje berre dei to oppsettingane av showet, men også bokbadet på laurdag trekte mykje folk. Og enno er ikkje det heile over! Kunstutstillinga med måleria som er bruka som illustrasjonar i boka, vil bli ståande i Finstuå fram til 28. mars.

Frå venstre Bjarne Stenberg, Svein Sæter og Ola Skei under bokbadet i foajeen på Surnadal kulturhus laurdag ettermiddag. Alle foto: Norunn Holten

Det å lansere «Dalapop»-konseptetet i Surnadal var i utgangspunktet ikkje sjølvsagt for forfattar Ola «Brattørskoja» Skei. Dette var bygda han forlet fordi ambisjonane hans vart for store og fordi «bygdedyret» ikkje kunne akseptere dei. Han var så langt ifrå «alminneleg», noko som ifølgje Svein Sæter var idealet og den største heidersbevisninga ein surndaling kunne få på den tida. Valet om Surnadal vart likevel tatt. «Og for ei fantastisk mottaking vi har fått», seier Ola Skei, som må innrømme at han føler seg litt som den bortkomne sonen som no er komen tilbake igjen.

På bokbadet laurdag ettermiddag deltok både forfattar og illustratør av romanen «Dalapop». Saman med bokbadar Svein Sæter tok dei dykk ned i sentrale sider ved boka, noko som innebar alvor, men også medførte spontane latterutbrot blant publikum. Dette er da også noko som er trekt fram som eit karakteristisk trekk ved boka: Det humoristiske, trass i alvoret som ligg i botnen.

Blant dei 50-60 frammøtte i foajeen på Kulturhuset var det fleire som hadde tilhøyrt hylekoret framfor scenen da «The Tramps» hadde si glanstid i Surnadal. For desse var «Dalapop» eit gjensyn med fortida og ungdommen, og derfor ekstra stas. Det er godt muleg å kjenne igjen nokre av personane i boka frå det verkelege liv. Svein Sæter kunne likevel opplyse om at boka ifølgje forfattaren ca 50 prosent byggjer på faktiske hendingar, men at også 50 prosent er rein diktning.

Om fødselen til bokprosjektet fortalde Bjarne Stenberg at det heile starta med at han og Ola Skei brukte å møtast på « noko dei kalla trim». Dette innebar at dei luffa rundt og prata med hendene i lommane. Når dei vart ekstra ivrige, stoppa dei opp og prata. På desse turane vart minne frå ungdomstida trekte fram, og dette resulterte i at han utfordra Ola til å skrive ei bok om hendingane frå ungdomstida. Han innrømmer at han eigentleg ikkje hadde tru på at det ville bli noko av dette, men plutseleg ein dag kom det ein e-post.... Den inneheldt første kapittel av det som no har blitt til ein heil roman. På dette viset har forfattar og illustratør vore saman om prosjektet frå første stund, sjølv om Bjarne Stenberg presiserer at det var Ola som skreiv, og at det var han som hugsa mest av det som hadde skjedd.

Om innhaldet i boka vil vi ikkje seie meir. De får lesa sjølve, eller gå inn på ein tidlegare artikkel på Trollheimsporten for å lesa bokomtalen. Når det gjeld sjølve skrivinga, beskriv Ola Skei det som ein forferdeleg prosess. Det var att og fram, natt og dag, så han veit ikkje om det vil bli skrive fleire bøker. Han innrømmer likevel at han har innhaldet til både bind to og trilogien klar. Så da får vi berre håpe, for dette var spennande!

Mange ville ha signert utgåve av "Dalapop" etter bokbadet. Her er forfattaren i aksjon.

Bjarne Stenberg har laga illustrasjonane i romanen "Dalapop". Kunstutstillinga i Finstuå er måleria desse er laga ut ifrå; 17 i talet. Alle måleria har tittel som er identisk med ei kapitteloverskrift i boka.  Måleriet på bildet viser hovudpersonen Oliver som i staden for å bli med på arbeidet, spelar gitar attmed hesjene. Utstillinga, som er ei salgsutstilling, vil bli ståande fram til 28. mars.

Ola Skei er godt fornøg med måten "Dalapop" er blitt mottatt i Surnadal.