Suksess for Svorka-karusellen
Over 70 ivrige skiløparar deltok då Surnadal IL Langrenn torsdag arrangerte det første av fem renn i Svorka-karusellen.
I glimrande forhold på Nordmarka var det stor stemning både i og rundt skiløypene, og nokre få kuldegrader meir enn arrangørane håpa på hindra ikkje første renn i Svorka-karusellen frå å bli ein stor suksess.
61 deltakarar gjekk i den første startgruppa, medan dei aktive langrennsgløparane starta i ei eiga startgruppe når dei yngste var ferdige. Til saman var dermed godt over 70 løparar med i rennet.
I tillegg til utøvarar frå arrangørklubben Surnadal Idrettslag, stod skiløparar frå Betna IL, Øvre Surnadal IL, Todalen IL og Byåsen på startstreken til den om lag 500 meter lange løypa. Entusiastiske deltakarar gav alt frå første stavtak.
Løyper som trikkeskinner
Renna i Svorka-karusellen er bevisst lagt samtidig som Barn i Løypa, og det såg ut til å vere eit vellykka grep.
– Her kan alle slenge seg med. Dette er uhøgtidelege renn der vi ønskjer å få flest muleg ut på ski, fortalte Steinar Aasbø til Trollheimsporten før første renn i Svorka-karusellen.
Aasbø og resten av langrennsgruppa håpa på god oppslutning, og den sportslege leiaren var fornøgd med torsdagens arrangement:
– Over 70 påmeldte må vere bra, og forholda i løypene er utruleg gode. Løypene er som trikkeskinner.
– Viktig å støtte lokale tiltak
I fjor gjekk karusell-konseptet under namnet Telenor Karusellen, men i år er Svorka inne som karusellrennsponsor.
– Det er viktig for Svorka å støtte opp under lokale tiltak, og vi sponsar difor veldig mange organisasjonar og arrangement. Dette er eit godt konsept, som det er artig å støtte, fortalte marknadssjef i Svorka, Janne Rangnes, til Trollheimsporten tidlegare i veka.
Bedrifta står bak alt av løypemateriell, premiar og startnummer i samband med Svorka-karusellen.
– Brann mykje krut i starten
Blant dei mange ivrige deltakarane i første renn av Svorka-karusellen var søskena Haakon (9) og Mali Sundli Segtnan (7). Begge suste ut frå start i eit imponerande tempo, med full innsats, god teknikk og godt humør. Haakon fortel at han var godt fornøgd med løpet sitt, men at han gjekk i overkant hardt ut.
– Eg kjente på slutten at eg brann godt med krut i starten, smilar han.
Etter løpet var Mali og Haakon klare for eit nytt høgdepunkt: bakels.
Kombinasjonen langrenn, sosialt samvêr, varmt klubbhus og bakels er for mange ein sikker vinnar. Når det og er krydra med mellom anna speaker, tidtaking og musikk over høgtalarane er det vanskeleg å ikkje la seg sjarmere av den gode stemninga på Nordmarka.
Dei over 70 deltakarane, og endå fleire vaksne, såg ut til å storkose seg, og saman med arrangørane gjorde dei første renn i Svorka-karusellen til ein suksess.
Mali og Haakon Sundli Segtnan var blant dei mange fornøgde deltakarane i Svorka-karusellen torsdag.
Surnadal Idrettslag er medlem av Trollheimsporten.