Hans Rotmo, Vårres jul_350x228

Supert "Vårres jul"-sal for Rotmo og Sommerro

Hans Rotmo sitt album "Vårres jul 2", der surnadalingen Henning Sommerro er ein av musikarane, vart gjeve ut for ein månad sidan. Allereie no har salet passert 60.000 eksemplar, melder Adresseavisen. - Det talet er det berre Bjørn Eidsvåg, Kurt Nilsen, Sissel og muligens Hellbillies som har, fortel Børre Johnsen i plateselskapet Universal.

- Så vidt eg veit er det ingen internasjonale artistar som har selt like mange plater i Norge i år. Eminem har selt 50.000, forklarar Børre Johnsen.

Det er i Rema-butikkar platesalet verkeleg går unna. Berre i butikkar i Midt-Norge har det blitt selt 20.000 plater «over disk», som Johnsen kallar det. Salet av "Vårres jul 2" har ikkje overraskande vore best i Trøndelag. På Austlandet og i Nord-Norge er også plata populær, medan salet i Møre-distriktet blir karakterisert som "OK".

Da Rotmo ga ut den første juleplata i 1980, vart det ikkje nokon umiddelbar salssuksess. Men litt etter litt auka populariteten, og plata vart relansert i 1990. Ifølgje Børre Johnsen har «Vårres jul» selt rundt 150.000 eksemplarar sidan utgjevinga for 30 år sidan.

Med "Vårres jul 2" fortset Rotmo å pirke borti kristendomen og handelsstanden sitt grep om høgtida. Bandet han har med seg er det same som spela på originalalbumet: Henning Sommerro (orgel og trekkspel), Gunnar Andreas Berg (gitar og dobro), Kai Biermann (trommer) og Bjarne Bårdstu (bass). Da Hans, Henning & Co spela i Surnadal i slutten av november, var begge konsertane i kulturhuset utselt.