aktørar_1024x683

Surnadal Alpinsenter feirar nybygg

Eit splitter nytt garasje- og verkstadbygg står ferdig i Sæterlia! Nybygget inneber at ein no er ferdig med 1.byggetrinn i det utviklingsarbeidet som skal gjera alpinsenteret til eit enda betre og meir attraktivt skianlegg. Fredag var representantar for ulike partar i byggeprosjektet samla i Sæterlia for formell overlevering av bygget, og markerte samtidig "kick off" for det vidare utviklingsarbeidet ved alpinsenteret.

Sentrale aktørar samla til formell overtaking av det nye garasje- og verkstadbygget i Sæterlia: Frå venstre Arne Øie frå Alpingruppa i Surnadal i.l., Jon Olav Holten frå Surnadal Bygg, leiar i Surnadal idrettslag, Svein Dalen, rådmann Knut Haugen, Svein Inge Kvande frå Surnadal Bygg,  ordførar Mons Otnes og dagleg leiar i Surnadal Alpineiendom AS, Harald Bredesen. Alle foto:Norunn Holten

Arbeidet med bygget starta i vår, og det var firmaet Surnadal Bygg som fekk jobben. Nybygget vart føydd saman med det eksisterande garasjebygget og førte til meir enn ei tredobling av arealet. Saman med gammelbygget er garasje- og verkstadbygget no ca 280 kvadratmeter. Bygget er isolert, og dimensjonert for å romme mellom anna begge tråkkemaskinene- og det er dessutan kalkulert med større maskiner enn det ein har i dag. Dette fordi ein overgang til kunstsnø vil krevje større tråkkemaskiner.

Det neste punktet på utviklingsplanen til alpinsenteret er som kjent snøkanonanlegg. Etter at sametinget var på befaring og ga klarsignar for snøkanonar, er optimismen stor når det gjeld kunstsnø. – Vi har framleis ambisjonar om å laga snø oppi her- om ikkje i vinter, så til neste vinter, sa dagleg leiar i Surnadal Alpineiendom AS, Harald Bredesen, under overleveringssamlinga. Han opplyste vidare at NVE vil koma på befaring alt den 5. oktober. Dette er ei viktig begivenheit, ettersom det er dei som avgjer om alpinsenteret kan få hente vatn frå Sjøasætervatnet til snøproduksjon. Alpinsenteret må ha ei anretning som sikrar minstevassføring i bekken som vatnet vil bli henta frå, og som renn ut ved sagbruket på Follerø, forklarar Bredesen. Denne anretninga vil føre til at pumpene stansar ved for lita vassføring.

Bredesen ser mange utviklingsmulegheiter for alpinanlegget i framtida. –Vi er allereie i dialog med skikretsen om rekrutteringsanlegg for hopp, fortel han. Dette inneber i dag sjølvsagt hopping på plast sommars tid. Når snøkanonane er på plass, reknar han med at flaskehalsane vil stå i kø framover. Det kan bli behov for oppgradering av både billettsystem og heis dersom ein får fleire besøkjande. Kanskje kan det også bli behov for fleire bakkar. Desse utfordringane lova han å ta tak i etter kvart som dei oppstår. 

Det var ei fornøgd forsamling som møttest til overlevering av nybygg fredag. Bredesen, som representerte mottakarane, Surnadal Alpineiendom AS, takka entreprenørane for eit veldig fint bygg. Han baud deretter på kanskje Norges første «garasjekake»; eller sagt på ein annan måte: blautkake med motiv av nybygget. Ordførar Mons Otnes var også til stades, og han rosa dagleg leiar ved alpinsenteret, Ola Ranes, for all den innsatsen han har lagt ned - som er langt over det som er forventa. Dessutan er han veldig flink til å dra med seg folk på arbeidet, sa Otnes og sikta til dei mange frivillige som har lagt ned dugnadsinnsats i Sæterlia.

Det var representantar frå entreprenørar, eigedomsselskap, kommune og idrett som var samla i Sæterlia for å foreta den formelle overleveringa av bygget midt på dagen fredag. Om kvelden var det duka for ny feiring og nytt lag. Denne gongen var det dugnadsgjengen som var aktiv sist vinter, og som sikkert også stiller den komande vinteren, som skulle feire med grillparty.

 

Slik ser nybygget ut innvendig. Borda er sett inn i samband med markeringa av ferdigstillinga av bygget, og det var dugnadsgjengen frå i vinter som skulle fortsette feiringa til kvelden.

Slik ser det nye garasje- og verkstadbygget ut utvendig. Den opprinnelege garasjen til høgre.