
Fairtrade
Surnadal AUF
Maj Kjersti Sogge og Elise Kristiane Einum på Rema 1000 i Surnadal, svært fornøyde med funnene.
Kva fairtrade er:
Fairtrade er en internasjonal merkeordning som gjennom handel styrker bønder og arbeidere i fattige land. Fairtrade-standardene sikrer bedre arbeidsforhold og handelsbetingelser, slik at det over tid blir mulig å investere i produksjon, lokalsamfunn og en bærekraftig framtid. Med mer rettferdige handelsbetingelser kan bønder og arbeidere selv bekjempe fattigdom.
Vi fann fairtrade-produkt i blant anna butikkene rema, bunnpris, coop mega, kiwi, narvesen og blomsterbutikken orkideen. Av dei produktane vi fann, kan vi nevne kaffe, sukker, te, krydder og juice.
Vi må få rose kiwi som har eit overraskande stort utval av Fairtrade-merkede varer. Vi oppfordrar alle butikkar og restaurantar til å ta inn meir Fairtrade-produkt, og promotere dei.
Medan vi var på rundturen vår la vi også merke til at sjølv om vi trudde fairtrade merka skulle vere mykje dyrare enn andre produkt, så tok vi feil, for nokre varer legg på same pris, og det er sjeldan fem kroner dyrare. Og sjølv om det kan vere fem kroner dyrare, så betyr dei pengane mykje meir for ein bonde i Afrika, enn for oss i Noreg. Difor oppfordrar vi alle forbrukarar til å gjere det til ein vane å velje Fairtrade-produkt.
Husk at kvart kjøp utgjer ein forskjell, og ved å velje fairtrade er du med på å jamne ut forskjellar og gjere verda til ein betre stad å bu for dei som har minst.