
Surnadal Bondelag "eggar" surnadalingane
Brage Einum er heldig og sikrar seg den siste eggkartongen bondelagsleiaren deler ut. Alle foto: Norunn Holten
Den 2. desember 2011 la Regjeringa fram ei ny Stortingsmelding om landbruks- og matpolitikken, og i morgon, 27. mars, legg Næringskomiteen innstillinga si fram for Stortinget. Sjølve Stortingsbehandlinga av meldinga vil skje 12. april. Meldinga har vore ute til høyring, og framlegget har vore behandla på ulike nivå i Bondelaget. I samband med at landbruksmeldinga no blir lagt fram, nyttar Surnadal Bondelag høvet til å informere også bygdefolket om viktige side ved norsk landbruk.
«Veit du kor stor del av inntekta vår vi brukar på mat?», spør styreleiar i Surnadal Bondelag, Oddvar Mikkelsen. Vi mistenkjer det er lite, men tør ikkje gjette. Mikkelsen peikar på ein tabell i ei brosjyre som viser at andelen har gått ned frå 40 til 11,8 prosent frå 1950-talet og fram til i dag. Styremedlemmane trur likevel haldningane til norsk jordbruk er meir positive no enn tidlegare. Målingar frå i år viser at heile 88 % av den norske befolkninga er positive til å oppretthalde eit jordbruk på same omfang som i dag. Oddvar Mikkelsen peikar elles på fleire faktorar som tilseier at den norske jordbruksproduksjonen bør auke i åra framover. Han trekkjer for det første fram at vi har den største folkeauken av landa i Europa, og at folkeauken innanlands vil krevje ein auke i jordbruksproduksjonen på 1 % for året dei neste 20 åra. Han legg også vekt på at folkeauke og meir matmangel internasjonalt vil kunne gjera det vanskelegare å få importert matvarer frå utlandet. Når bondelaget deler ut eggkartongar til folk på Skei, visualiserer dei den framtidige matmangelen med at det berre er fem egg i kartongen som er beregna til seks. Egga er dagferske, lokalproduserte egg frå Lars Johan Berset. Ingen egg utan høner- ingen mat utan bønder, er også ein annan bodskap bondelaget ønskjer å formidle. Det som skal til for å oppnå det, er ifølgje Mikkelsen at landbrukspolitikken blir omlagt slik at den stimulerer til større produksjon. Og ikkje minst: «Vi må tena såpass at vi kan leva av det».
Då alle egga var utdelte, pakka gjengen frå bondelaget ned standen. Nokre få kartongar var igjen, og dei skulle bli med til neste stopp: kommunehuset! Der skulle det bli både ferske egg og fersk info om norsk landbruk også til nokre av kommunetoppane!
Styret i Surnadal Bondelag informerte og delte ut egg i samband med framlegginga av landbruksmeldinga 27. mars. Frå venstre Arne Heggset, Heidi Gjeldnes, Olav Mauset, Ole Kristian Sæterbø og Oddvar Mikkelsen.