Knut Inger Odd Asbjørn og Mons 2_1024x571

Kom med i utviklingsprogrammet "Saman om ein betre kommune"

Surnadal byggjer stein på stein

Surnadal kommune har fått 900 000 kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet (300 000 kroner i tre år) til sitt eige prosjekt "Vi byggjer stein på stein". Dermed har Surnadal blitt ein del av det nasjonale utviklingsprogrammet "Saman om ein betre kommune", som har blitt utvida med 59 nye til 110 kommunar. - No får vi sjå på fleire ting - blant anna effekten av problematikken omkring heiltid og deltid, sa personalsjef Inger Nordby, da Surnadal kommune denne gladsaka i dag.

- Vi byggjer stein på stein blir ein viktig del i vårt langsiktige arbeid med omdømmebygging, sa rådmann Knut Haugen, personalsjef Inger Nordby, hovudtillitsvalgt Odd Asbjørn Bævre og ordførar Mons Otnes.

17 årsverk vart faste
Surnadal har gjort eit stort arbeid når det gjeld heiltid og deltid, der arbeidet starta innafor helse og omsorg.

- Det gode trepartsamarbeidet mellom tillitsvalgte, administrativ og politisk leiing har her vist frukter, sa ordførar Mons Otnes i dag, da deltakinga i "Saman om ein betre kommune" vart presentert. Trollheimsporten hadde denne saka da omkring 140 personar var vurdert av administrasjon og einingsleiarar, over 80 personar fekk faste stillingar og 17 årsverk kom inn i faste former.

Saman for ein betre kommune
- Målet med "Saman om ein betre kommune" er å skape best muleg tenester til innbyggjarane landet rundt. Da er eit godt lokalt samarbeid mellom tilsette, administrativ leiing og politikarar viktig. Dyktige og fornøgde medarbeidarar, bevisste politikarar og gode leiarar skaper gode tenester, seier statsråd Navarsete om prosjektet.

Og det er nettopp dette Surnadal kommune har gjort innafor helse og omsorg. No tek dei det vidare med å sjå meir på heiltid og deltid, effekten av tiltak, sjukefråværet og kvifor folk i det heile kjem på jobb. - Vi vil også kartlegget kompetansen til dei tilsette og sjå på kompetansebehovet, sa Inger Nordby.

Positive tilbakemeldingar
Hovudtillitsvalgt Odd Asbjørn Bævre understreka mange positive tilbakemeldingar på det arbeidet som alt er gjort. - Det har blitt enklare å kome over i faste stillingar. Det har gitt meir forutsigbarhet, sa han.

- Det vil bli ein kamp om arbeidskrafta framover og med eit godt omdømme omkring å ta vare på våre tilsette, vil vi trekkje til oss fleire og gjera oss meir attraktive, sa ordførar Mons Otnes, som saman med rådmann Knut Haugen berømma dei tillitsvalgte for å spele slik positivt på lag. - I vårt langsiktige arbeid vil eit slkt positivt omdømme ha mykje å seie, sa rådmannen.

Målet for prosjektet
Sjølve prosjektet er treårig og går fram til 2015. Forutan Surnadal er Sunndal og Kristiansund med av kommunane på Nordmøre. Arbeidet med prosjektet i Surnadal blir knytt opp mot eksisterande bemanning, med eit omfang opp mot 50% stilling i perioden.

Målet for prosjektet er å synleggjere verknader i organisasjonen av tiltak som følgje av arbeid med å oppfylle krava til fast tilsetting. Dette gjeld økonomiske og kvalitetsmessige verknader, så vel som psykososiale verknader på arbeidsmiljøet.