Stemmerettsjubileum_5732_cropped_549x413

Surnadal feirar stemmerettsjubileet

 

Stemmerettsjubileet.jpg

Stemmerettsjubileum_5732.jpg

 

 

Formålet med arrangementet i Todalen er å aktualisera det nasjonale jubileet i ein lokal historisk kontekst. Komiteen ønskjer å framheva Thora Talgø som person, kva slags bakgrunn ho hadde og korleis ho kom til å spela ei viktig rolle både som ein av dei første kvinnelege leiarar i Norsk næringsliv og som politisk og samfunnsengasjert menneske. Talgø-familien ved Thora Valsø vil ta hand om ei historisk framstilling av Thora Talgø som industrileiar og Sanitets-gründer.

 

Vi har eit variert program kor overraskinga er at Formannskapet med litt forsterkningar skal kle seg ut og framføre utdrag frå Stortingsdebatten om stemmerett i 1890 og utover. Dei gruar seg nok litt! Rådmann Knut Haugen skal grunna mangel på nok menn i Formannskapet ha ei gjesteopptreden og gestalte den berykta kvinneskeptikaren biskop Heuch, som hadde dei mest konservative og forstokka synspunkta i denne Stortingsdebatten.

 

Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde kjem for å fortelje om eit langt liv som kvinne i politikken og vi får flotte kulturinnslag av koret VOX og felespelar Torgeir Leivdal som skal avslutte det heile med slåttar av felespelar Hallvard Ørsal frå Todalen.

 

Sjølvsagt er det mat – NOK mat med i biletet når Saniteten i Todalen er medarrangør! Det blir sal av kaffe og kortreist furkunnjmat og salsboder frå Viastuå Todalen og frå Sylte Gardsslakteri. Her kan ein sikre seg godbitar til jul i god tid! Kontant betaling.