Nina Monsøy

Surnadal IL kuttar ut 16. mai-festen på Syltøran

Surnadal IL Fotball har vedteke at den tradisjonelle 16.mai-festen skal kuttast ut. - Klubben ønskjer å ha fokus på sunne haldningar og verdiar for barn og unge, og tek difor nødvendig grep for å vere ein aktiv og rusførebyggande klubb i Surnadal, seier dagleg leiar Nina Monsøy (bildet). 16. mai-festen har skaffa fotballgruppa gode inntekter. For å få inn pengar til drifta, kjem dei i staden til å arrangere bedriftscup i fotball etter sommarferien.

16. mai-festen har lange tradisjonar, og i år var M.A.G og Trøtte Typer hyra inn til å spele på Syltøran. Men no har fotballgruppa i Surnadal IL altså vedteke å kutte ut arrangementet.

- Det har vore diskusjonar om dette i styret før også, og vi har fått mange henvendingar og innspel. Det er stadig større fokus på helse og oppvekstvilkår, og vi i fotballgruppa vil ikkje stå bak arrangement som er debutarena for nykonfrmantar. Idrettslaget er på mange måtar bygdas største barnehage, og da let det seg ikkje gjere å samtidig vere den som gir dei unge innføring i festkulturen, seier Monsøy til Trollheimsporten.

For å skaffe inntekt frå anna hald, kjem Surnadal IL Fotball i staden til å arrangere ei stor bedriftscupturnering i samarbeid med Gjensidige. Denne vil bli arrangert på Syltøran etter sommarferien, og bedrifter både frå Surnadal, Rindal, Halsa og truleg Sunndal vil få invitasjon om å delta.