Leserinnlegg _200x200

Leserbrev

Surnadal kommune – skulesak, bygdepolitikk og logikk

"I alle år etter at eg flytta frå Surnadal for å ta utdanning har eg lese om, og vorte invitert til, årlege treff arrangert av kommunen for å skape blest om heimkommunen min og få utflytta surnadalingar til å kome heim att." Slik byrjar dette lesarbrevet, les heile brevet nedafor!

Surnadal kommune – skulesak, bygdepolitikk og logikk

I alle år etter at eg flytta frå Surnadal for å ta utdanning har eg lese om, og vorte invitert til, årlege treff arrangert av kommunen for å skape blest om heimkommunen min og få utflytta surnadalingar til å kome heim att. Kommunen har attpåtil jamnleg dei siste åra bruka ressursar på å markedsføre seg for resten av Europa og freista mellom anna nederlendarar til å flytte til kommunen. Det har vore tydeleg for meg, og mange andre, at dei ønskjer å snu utviklinga i folketalet og skape vekst i kommunen.

Samstundes står eg måpande på sidelinja og ser korleis dei gong etter gong, med eit lett gjennomskueleg mål for auge, bryt valløfta og brukar uetiske strategiar, udokumenterte påstandar og udemokratiske verkemiddel for å få gjennomslag for noko dei ikkje vil seie høgt, men eigentleg ønskjer; å leggje ned skulane i grendene og samle all drift i sentrum; milevis unna der store delar av innbyggjarane bur.
 

I første omgang er det no, nok ein gong, Bøfjorden det gjeld. Eg er redd dei andre grendene heller ikkje kan føle seg trygge. Det eg ikkje med mi beste evne kan forstå er kor logikken og fornufta i dette er. Er det verkeleg muleg at både folkevalde og tilsette i kommunen ikkje fattar kva resultatet av dette vil bli for bygdesamfunna og heile kommunen?

Kan nokon svare meg på korleis dette skal freiste meg til å flytte heim att?

Ida Vetleseter Bøe,

oppgitt bøfjording