mot surnadal nominasjon

Vann "Årets MOT-partner" i kategorien kommune:

Surnadal kommune vart Årets MOT-partner

– Det er stor stas for oss å få ein slik pris. Det viser at MOT sentralt legg merke til det arbeidet vi gjer, seier MOT-coach Eva Sæterbø.

Ingressfoto: Eva Sæterbø frå MOT Surnadal, kommunedirektør Knut Haugen og Laila Sollid frå MOT Surnadal med det synlege beviset på at Surnadal kommune var blant dei tre nominerte til prisen "Årets MOT-partner" i kategorien kommune. Seinare vart det klart at dei vann prisen. (Foto: MOT Surnadal)

Torsdag starta MOT sin Ildsjelkonkurranse på Hell i Trøndelag, og under kveldsshowet same dag mottok Surnadal kommune prisen "Årets MOT-partner kommune", i konkurranse med Nord-Fron og Høylandet.

Prisutdelar Rune Bratseth las opp tilbakemeldingar frå ungdommane i kommunen, før han annonserte vinnaren:

"Alle inkluderer kvarandre mykje meir her på grunn av MOT. Vi lærer mykje om å bry seg om andre, korleis dei har det og korleis ein skal oppføre seg mot kvarandre. Det har påverka mange elevar i klassen min. Eg synest at MOT har hjulpe meg på mange område. Det har gjort meg tryggareog meir sjølvsikker. MOT tek opp tema som er viktige i mange sine liv, og gjer liva til folk enklare."

– Og då er vinnaren: Surnadal kommune, avslutta Bratseth.

Til tonane av "The winner takes it all" gjekk deretter Knut Haugen, Laila Sollid og Eva Sæterbø opp på scena og mottok den prestisjetunge prisen.

Ein glad kommunedirektør Knut Haugen seier følgjande til Trollheimsporten torsdag kveld:

– Eg er først og fremst stolt og glad på vegne av dei dyktige MOT-coachane på Surnadal ungdomsskule, men det er og kjekt å få anerkjenning for jobben som vert gjort elles i lokalsamfunnet vårt. Og så er eg glad på vegne av alle dei kjekke og dyktige ungdommane våre!

MOT-coach Eva Sæterbø ved Surnadal Ungdomsskule, seier på vegne av henne sjølv og Laila Sollid at det er stort og motiverande å få ein slik pris.

– Det er stor stas for oss å få ein slik pris. Det viser at MOT sentralt legg merke til det arbeidet vi gjer. Vi har gjennom fleire år bygd opp MOT Surnadal til det det er i dag, og det vil vi fortsette med framover, seier ho, og fortsett:

– Prisen vil sjølvsagt gi motivasjon til vidare MOT-arbeid. Vi har så flotte ungdommar i kommunen vår, og dei spør ofte når neste MOT-økt er. MOT-undersøkinga, som ungdommane tek på tiande trinn, viser at mange ungdommar har nytte av det arbeidet vi gjer.

– Kva trur de har vore avgjerande for at de fekk prisen?

– Tilbakemeldingane frå undersøkinga er nok avgjerande. Eg trur og at aktivitet som vi gjer utanom sjølve skulebesøka i klassane blir lagt merke til, slik som MOT til å nisse-dagen og MOT-kveld på stranda, seier Sæterbø.

Ho trekkjer og fram fleire som ho meiner fortener å bli nemnd i samband med at Surnadal no mottek denne prisen:

– Norvald Bondhus, Anita Ørsal Oterholm, Torgeir Kvendset og Kristin Børset må og nemnast, dei har og vore/er og med på denne «reisa», seier Sæterbø.

eva sæterbø og laila sollid foto privat.jpg
Eva Sæterbø og Laila Sollid med beviset på at Surnadal kommune vann prisen "Årets MOT-partner kommune" for 2018/19 (Foto: Privat).


Best av 89 kandidatar

Organisasjonen MOT kårar kvart år årets MOT-partner i tre kategoriar: kommune, vidaregåande skule og ungdomsskule.

Torsdag formiddag vart det klart at Surnadal kommune var ein av dei tre nominerte, av heile 89 kandidatar, i kategorien kommune.

Under kveldsshowet, som starta klokka 22.00, vart Surnadal kommune ropa opp som vinnarar av den prestisjetunge prisen.

I fjor var det Nedre Eiker kommune som stakk av med prisen "Årets MOT-partner kommune", medan Sandnessjøen Videregående og Ulstein ungdomsskole vann henhaldsvis "Årets MOT-partner videregående" og "Årets MOT-partner ungdomsskole". 

I nominasjonen av Surnadal vart følgjande tre punkt trukke fram som spesielt viktige:

  • Kommune- og skuleleinga er engasjerte og seier at MOT er den beste investeringa
  • MOT-arbeidet er godt forankra i kommunen si omsorgsplan
  • Det har vore gjort godt og systematisk MOT-arbeid i skulen og kommunen over mange år, med varme og rause menneske med på teamet.

Kommunedirektør Knut Haugen er strålande fornøgd med at Surnadal kommune sitt MOT-arbeid har vorte lagt merke til. Han trekkjer fram Surnadal Ungdomsskule og MOT-coachane der, som sentrale i kommunen sitt MOT-arbeid.

– Dei skal ha 95 prosent av æra for denne nominasjonen, for kommunen sitt MOT-arbeid er i stor grad knytt til ungdomsskulen. Samtidig har vi teke grep for å få arbeidet forankra i andre deler av kommunen, som mellom anna samarbeidet med Surnadal/Søya/Todalen sitt damelag og Ræta Opp, seier Haugen.
 

Vil ikkje kutte i MOT-arbeidet

Han meiner det har vore mykje og fortent blest rundt MOT, etter det han omtalar som fleire gode MOT-arrangement med god mediedekning.

– Eg trur mange ser verdien av MOT, og nominasjonen er ei fjær i hatten for MOT-arbeidet i kommunen, seier kommunedirektøren.

For fire år sidan var Haugen på si første Ildsjelsamling.

– Det var inspirerande og motiverande å sjå dei kommunene som vart nominerte den gongen, så då vi kom heim derifrå sette vi oss som mål å jobbe godt nok med MOT til å kunne vere ein kandidat til ein slik pris i framtida, seier Haugen, og legg humoristisk til:

– Så dersom eg har noko bidrag inn i dette er det vel konkurranseinstinktet.

Etter nokre dagar der budsjettkonferanse og kutt i kommunedrifta har stått sentralt, var nominasjonen ein fin opptur for Surnadal kommune. Og under budsjettkonferansen var nettopp MOT eitt av mange kuttforslag som vart nemnd i ei idémyldring.

– Det har aldri vore høgt oppe på mi kuttliste, og for å seie det slik: vi skal bli rimeleg blakke før vi kuttar MOT, seier Haugen.