maria strand 1 ps 1500

Surnadal kulturhus ope igjen: – Vi er veldig glade no

Frå og med onsdag er kulturhuset i Surnadal, inkludert bibliotek og hotellresepsjon, ope igjen. Samtidig vert publikumsgrensa for kino og i Storstuå heva.

Ingressfoto: En glad Maria Strand skinte om kapp med sola i resepsjonen til Thon Hotel Surnadal onsdag.


– Vi har gått og håpa på å få opne ganske lenge no, så ventetida har vore lang. Likevel er vi veldig glade for å vere på plass igjen, sjølv om det blir ein del nye rutinar.

Det seier Maria Strand, som onsdag var tilbake i resepsjonen ved Thon Hotel Surnadal.

– Det blir sjølvsagt mykje desinfisering framover, og folk får sitte i avdelinga vår i maksimalt 15 minutt, seier ho, og legg smilande til:

– No får busspassasjerane tilgang til toalett, så dei er i alle fall kjempefornøgde så langt.

Hotellet har sin eigen plan for smitteverntiltak, i tillegg til kultureininga i Surnadal kommune og brukarane av kulturhuset sin.

I tida framover er det berre inngangsdøra på sida mot hotellet og busshaldeplassen som kjem til å vere open.

Kultursjef Lilli Husby i Surnadal kommune fortel at grunnregelen for foajeen er at ein berre får opphalde seg der i 30 minutt av gongen.

– Ein kan vente på bussen og gjere det ein ønskjer medan ein ventar, men vi har ikkje åpna opp kulturhuset  som nokon kaféplass eller liknande, seier ho, og fortel at ein, for å kunne halde styr på kven som kjem og går, er heilt avhengig av at det er resepsjonist til stades i foajeen.


Tillet 40 på kino og 140 i Storstuå

Avgjerda om opninga vart teke tysdag, og Husby fortel at alle vurderingar er gjort i samråd med kommuneoverlege Bjørn Buan. Han har godkjent smitteverntiltaka og opplegget som no er skissert. Kulturhuset vil ha normale opningstider mellom klokka 8 og 22 på kvardagar, men noko reduserte opningstider i helgene.

Ho fortel at kino held fram som før, med visningar to dagar i veka. Det maksimale talet på publikummarar vert heva frå 30 til 40.

– Før måtte ein ha to seter mellom folk, no er det nok med eitt. Difor kan vi auke kapasiteten litt. Vi held likevel fram med unummererte billettar, folk blir tilvist plassar.

Kultursjefen understrekar at dei generelle smitteverntiltaka, som god handhygiene, at folk som er forkjølte ikkje har høve til å møte opp og god avstand mellom folk, framleis gjeld.

Også for arrangement i Storstuå vert kapasieteten heva. Der det tilegare var ei grense på 50 tilskodarar, vil det frå onsdag verte lov med 130-140 – alt etter kor mange som bestiller billett saman og kvar for seg.

– Maksimumskapasiteten vil variere. Det trengs ikkje like mange ledige seter dersom mange familiar bestiller billettar saman, som viss folk bestiller ein og ein, seier ho, og legg til:

– Dette er ei ganske stor auke, og eg gler meg at vi no kan opne opp slik. Det er på tide å få til meir aktivitet igjen.

Husby fortel at dei tre første radene i Storstuå vil vere sperra av, av omsyn til ventilasjonsystemet, og at publikum, som ved kinoen, vil verte tilvist plassar.

Sommaren er tradisjonelt ei tid med relativt liten aktivitet i Surnadal kulturhus, men Husby er glad for at aktørar no i noko større grad kan starte planlegginga av hausten.

– Samtidig må vi understreke at vi ikkje veit korleis smittesituasjonen utviklar seg. Med ein gong smittesituasjonen eventuelt endrar seg, må vi gå inn og sjå kva vi gjer, seier ho.


Kultursjef i Surnadal kommune, Lilli Husby (Arkivbilde).
 

Betrar bibliotektilbodet

Mulegheita for å ha kunstutstilling i Finstuå vil vere til stades i tida framover, så lenge det er i tett samarbeid med ein ansvarleg part, som til dømes kunstforeninga. Det vil og vere muleg å bruke bordtennisbordet utanfor kulturhuset, men dei som skal spele må ha med seg ball og racket sjølve.

Når det gjeld frivilligsentralen er den per no ikkje open.

– Det har ikkje direkte med smittefare å gjere, det går på at vi på grunn av koronaen ikkje har fått tilsett vaskar der enno, seier Husby.

Ho fortel at sjølve bygningane ved musea på Åsen og Kleiva er stengte, men er klar på at begge plassane er fine plassar å ta turen til likevel. Svinviks Arboret held ope.

Dette tilbodet gjeld sjølvsagt ut frå gjeldande smittesituasjon her til lands, og kan bli endra om situasjonen betrar eller forverrer seg.

Biblioteket kan og gje eit betre tilbod no. Det vert sommarope bibliotek frå 17. juni til 15. august, og ope måndag til fredag frå klokka 13 til 15.

Det vert innført maksimal besøkstid på 30 minutt og ei maksimumsgrense på 30 personar i lokala deira samtidig. Avislesingskroken åpnar og igjen, og to datamaskiner vil vere tilgjengelege for besøkande.

Meir informasjon om det nye tilbodet til biblioteket finn du i eiga sak ved å trykke her.