Surnadal mot 2013?
Surnadal kommune held orienteringsmøte i grendene om kommuneplanen: areal- og samfunnsdel. Tema: Surnadal mot 2030? Møt opp og diskuter framtidsbilete! Neste møte blir på Stangvik skule 7. november kl. 19.30 - 22.00. Sjå plan for møta i dei andre grendene under
Kommuneplanen: areal- og samfunnsdel
Surnadal mot 2030? Møt opp og diskuter framtidsbilete!
Kommuneplanen: Areal og samfunnsdel.
- Vil du vere med å forme framtida?
- Kvar vil du bu og korleis vil du bygge?
- Skal det vere hyttebygging i bygda di?
- Er det nok leikeplassar for ungane?
- Skal vi merke fleire turløyper?
- Kva skal til for at kommunen din skal bli ein betre plass å bu?
Vi gir deg litt fakta om kommunen i dag og tek deg med på ein tur inn i glaskula for å sjå korleis det kan bli.
Dette er din sjanse til å påverke kommunen sine planer om korleis vi skal bygge og bu. Møt opp på folkemøte og delta i debatten.
22.10 kl. 19.30-22.00: Todalen skule
23.10 kl. 19.30-22.00: Bæverfjord skule
28.10 kl. 19.30-22.00: Bøfjorden grendahus
07.11 kl. 19.30-22.00: Stangvik skule
11.11 kl. 19.30-22.00: Mo skule
13.11 kl. 19.30-22.00: Kommunehuset