juliaug2010 070_1024x684

Surnadal museum nytt medlem av Trollheimsporten

Surnadal Museum er blitt medlem av Trollheimsporten! Dermed vil du i framtida kunne halde deg orientert om aktivitetar og arrangement som går føre seg både på Åsen, på Kleiva og i Svinvika ved å lesa Trollheimsporten. Eller kanskje du har lyst til å ta med deg ei gruppe til eitt av anlegga? I så fall er det berre å ta kontakt med museet. Ein stor del av jobben til dei tilsette er nemleg å presentera anlegga for publikum.

Den freda røykjestua frå Torvika er ein av attraksjonane ved bygdemuseet på Åsen. Foto: Surnadal museum

Surnadal museum har frå 2010 bestått av tre anlegg: Åsen bygdemuseum, diktarheimen Kleiva og Svinviks arboret. Museet er ei eiga avdeling under Nordmøre museum, og er ansvarleg for drifta av museumsarbeidet i Surnadal. Det er likevel Surnadal kommune som eig alle eigedommar, bygg og gjenstandssamlingar.

Åsen bygdemuseum ligg fint til på den gamle skyssgarden Åsen oppe på Eidet i Surnadal. Bygdemuseet er eit tradisjonelt friluftsmuseum med fleire bygningar frå ulike tidsepokar, og utstillingar og gjenstandssamlingar inne i dei ulike husa. Den freda røykjestua frå Torvika, Gulla-rommet, Musters-samlinga og 1950-talsutstillinga er noko av det du kan få sjå ved eit besøk på Åsen. Bygdemuseet kan opplevast både på museumsdagar fulle av aktivitetar om sommaren, og ved bestilte omvisingar utanom dei faste opningstidene.

Diktarheimen Kleiva ligg høgt og fritt ovanfor Skei. Frå tunet har ein vidt utsyn over breibygda i nedre Surnadal, akkurat slik bygdadiktaren Hans Hyldbakk ville ha det når han skulle byggje seg eigen heim her i si tid. Dei to stuene kan besøkast i sommarhalvåret gjennom å bestille ei omvising ved museet.

Svinviks arboret er museumshagen framfor nokon her på Nordmøre. Halvor og Anne Svinvik bygde opp denne eksotiske naturhagen i berghamrane ned mot Todalsfjorden frå 1940-talet og utover. Her har det sidan bugna av asiatiske rododendronar, bambus, spesielle lauvtre og bartre frå heile verda. Sidan vart hagen i ein 30-årsperiode eigd og drive av NTNU Vitskapsmuseet, før Surnadal kommune tok over som eigar i 2010. Surnadal museum står for fagleg skjøtsel og tilplanting i hageanlegget i lag med Surnadal kommune. Her kan du frå mai- august vandre rundt i hagen på eiga hand, delta på arrangement, eller få omvising og høyre historia til staden og plantene. Eit besøk verdt er også sommarkafeen i Svinviks arboret. Her finst det blidaste vertskapet og dei beste blomsterpynta og heimlaga kakene du finn her på traktene på sommaren.

Tilsette ved museet i Surnadal er Dordi Kjersti Mogstad, biolog og avdelingsleiar i full stilling, og Maja Frønes, kulturminneforvaltar og museumskonsulent, i halv stiling. Dordi Kjersti Mogstad har eit overordna ansvar for museumsarbeidet og anleggsdrifta ved avdelinga, samt fagansvar for Svinviks arboret. Maja Frønes har det stadlege ansvaret for Åsen bygdemuseum. På vinters tid er begge stort sett å finne på Kulturloftet på gamle heradshuset i Surnadal kommune. Sommarhalvåret er museumspersonalet for det meste å treffe ute på museumsanlegga.

Ved Surnadal museum er viktige oppgåver for tida å skaffe betre oversikt og registrering av gjenstandssamlingane, og prioritere sårt tiltrengt restaurering av bygg på museumsanlegga i lag med eigar Surnadal kommune.

Dordi og Maja ønskjer at dei tre museumsanlegga skal vera plassar folk vil besøkje. Ein vesentleg del av driftsarbeidet ved avdelinga går derfor ut på å ta imot folk på dei ulike anlegga og å gjennomføre ulike arrangement. Mellom anna er det no for tredje år på rad arrangert juletorg i arboretet.

I tida som kjem skal Surnadal museum, i lag med resten av avdelingane innafor Nordmøre museum, byrje å arbeide med å velje spesialfelt som dei skal satse særskilt på innafor museumsarbeidet i sin kommune. Dette arbeidet skal skje i tett samarbeid med kommunane.

Dersom du ønskjer kontakt med Surnadal museum, treffer du Dordi Kjersti Mogstad på tlf. 974 33 709 eller Maja Frønes på tlf. 913 99 452

Blomsterprakt i Svinvik arboret alt før snøen har forlate Rambjøra. Foto: Surnadal Museum.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Til venstre: Det har ved eit par anledningar vore arrangert kurs i pilfletting ved Surnadal museum. Her er Dordi Kjersti Mogstad midt i det som etter kvart skal bli ei pilhytte. Foto: Surnadal Museum.

Over: Toril Redalen kosar seg med å selje saft og sirupar frå eigen hage under juletorget i arboretet nyleg. Foto: Norunn Holten

Under: Ungar frå Øvre Rindal skule lærer om stiklingar under eit besøk i Svinvika. Foto: Surnadal Museum.