Surnadal regulerer sentrum

Surnadal kommune varsler om oppstart av reguleringsarbeid for Surnadal sentrum (Skei - Grimsmo). Planarbeidet gjeld revisjon av gjeldande reguleringsplan for heile sentrumsområdet frå grensa mot Vasseng i vest til om med krysset rv 670/rv 65 og folkehøgskuleområdet i aust. 

I første fase blir det arrangert ein parallell arkitektkonkurranse der 4 arkitektkontor deltek. Oppgåva desse har fått er å lage forslag til ein sentrumsutviklingsplan. På grunnlag av dei idear som kjem fram her vil det bli arbeidd vidare med å utvikle reguleringsplanen fram til eit utkast som blir lagt fram til politisk behandling.
 
I tillegg har surnadal klommune lagt ut framlegget til budsjettet for 2010 og økonomiplana for 2010-2013 til offentleg ettersyn.
 
Begge desse sakene kan du lese meir om på heimesidene til Surnadal kommune.