
Surnadal satsar på nederlendarar
Eit toårig prosjekt for å få 40-50 nederlendarar til å busetje seg i Surnadal, skal opp til politisk handsaming før jul. For Surnadal, som opplever nedgang i folketalet, kan dette vere ei svært god løysing, seier rådmann Geir Vikan til Driva. Prosjektet vil koste kommunen 600.000-700.000 kroner dersom poltikarane går inn for saka i desembermøtet.

Rådmannen understrekar at ingenting er avgjort, men at administrasjonen har vore i kontakt med eit firma som arbeider med innflytting av nederlendarar til norske kommunar.
- Erfaringane tilseier at det er småbornsfamiliar som har lettast for å stabilisere seg og bli verande i eit nytt land. Difor blir det satsa primært på denne gruppa seier Geir Vikan til Driva si papirutgåve.
- Dette er folk som kjem frå eit land der alt er oppdyrka og der det er store og tett befolka bysamfunn. Dei ønskjer seg til ein stad med betre plass, mindre trafikk og gjerne ein jordflekk. Mange vil ha skaffa seg arbeid på eiga hand før dei kjem hit, og ganske mange vil etablere eigne verksemder.

.png)

