Surnadal sentrum fornyes

Fire arkitektfirma er no plukka ut for å lage skisser til korleis nye Surnadal sentrum skal sjå ut, melder Surnadal kommune på sine heimesider. Av dei 21 interesserte, gjekk desse fire vidare: Bjørbekk og Lindheim as og Dark arkitekter as frå Oslo, samt Rambøll Norge og Selberg arkitektkontor as frå Trondheim.

Dei har frist til 1. februar med å koma med skisser og idear til korleis sentrum skal bli.
 
Foto: Surnadal kommune