Surnadal formannskap 2_350x234

Surnadal skal gjere seg lekker for nederlendarane

I januar reiser ein surnadalsk delegasjon med mellom andre ordførar Mons Otnes (midten på bildet) for å delta på ei skandinavisk messe i den nederlandske byen Amersfoort & Hoevelaken. Målet er å få presentert Surnadal på ein så fordelaktig måte at nederlendarar vil flytte til kommunen.

Folketalet i Surnadal går ned, og eitt av tiltaka for å snu trenden, er eit toårig prosjekt for å få 40-50 nederlendarar til å busetje seg i kommunen.

Som eit ledd i dette reiser ordførar Mons Otnes og næringskonsulent Harald Bredesen med fleire til Skandinaviske Dager 2011 i Amersfoort & Hoevelaken i slutten av januar.

Det er selskapet Placement AS som står bak messa, der norske, svenske og danske kommunar presenterer seg for nederlendarar som vurderer å flytte på seg. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete skal halde åpningstalen under dei skandinaviske dagane, som i år blir arrangert for sjuande gong i Nederland.