Harald Polden og Christian Olsen

Surnadal TaeKwon-Do-klubb med eksternt, fagleg påfyll

Ingressfoto: Harald Polden underviste sparring i april (Foto: Kjell Gunnar Polden)

Hei, kan det vera ei sak at Surnadal NTN Taekwon-Do klubb i april bestemte seg for å leie inn toppinstruktørar utanfrå kvar månad resten av året. I staden for å reise rundt med mykje folk på samlingar, vil vi leie inn sterke namn for å få ein boost for så mange som råd. Sjøl om vi har ein svært bra instruktørstab er det også viktig at instruktøane får påfyll i sitt daglege virke. Klubben kan heve seg på alle nivå og det er meir miljøvennleg og økonomisk for klubben å få folk hit enn å dra med mykje folk ut. I april hadde vi Harald Polden på sparringstrening. Han har vore på landlaget i mange år, og har teke mykje edelt metall både nasjonalt og internasjonalt. I går 9 mai hadde vi Master Per Andresen på mønstertrening, ei ordentleg nerdetrening.Han er ein legende i Taekwon-Do etter kvart. Høgt respektert i heile verden. I juni kjem landlagstrenar Andreas Jenstad sammen med kona Gro Smenes. Vi har for tida verdens beste mønsterlag, så han har gjort mykje rett. Gro som er frå Surnadal er med i støtteapparatet rundt landslaget, og dei er med familen på ferie i pinsehelga. da blir det alternativ pinsefeiring som avsluttar sesongen. Allerede i månadsskiftet juli/august har vi sommarleir her, med ei rekkje med kjente namn på blokka som instruktørar. I løpet av tre leirer kjem det i tillegg eit tusental tilreisende. I september får klubben Stephen Ryan, profilert landlagstrener frå Irland på besøk. Han har ikkje vore i Norge og har lyst til å besøke Surnadal som han har sett flotte bilde frå og høyrt mykje bra om. Han tok vi kontakt med på Open Dutch. Dei to siate er ikkje avklart enda, men vi skal ha folk både i oktober og før jul. Alt i alt vil dette heve nivået og skape entusiasme iog nysgjerrighet både hos dei som ønsker å hevde seg på topp i idretten, og for dei som er mosjonister eller med for det sosiale. Dei er det fleste av, men vi ønsker også å gje topputøvarane noko ekstra. Med til historia er at vi ønsker å delta på både NM og to internasjonale turneringar komande seosng. Truleg Open Dutch i Holland og World Cup Slovenia.

 

 

 

 

Surnadal TKD med Master Per Andresen.jpg
Master Per Andresen (bak til venstre) hadde ei skikkeleg nerdetrening i mønster den 9. mai (Foto: Kjell Gunnar Polden)