
Surnadal vidare i cupen
Surnadal er klar for første ordinære runde i NN i fotball for menn, etter å ha slått Dahle 3-0. I kampen på AMFI Park tirsdag kveld, scora Roy Bolme (2) og Trond Blekken for heimelaget. (Arkivfoto)
Ifølge tk.no var ikkje Surnadal tre mål betre enn Kristiansunds-laget, men seieren var likevel fortjent.
Surnadal gikk opp i leiinga halvvegs i 1.omgang ved Roy Bolme. Dahle skapte fleire sjansar vidare utover i omgangen, men utan å få omsett sjansane i scoring. Dahle-spelarane meinte også at ballen ved eit høve var innanfor streken til Surnadals-målet, noko dommaren ikkje ga dei medhald i.
I staden var det Surnadal som overtok utover i 2.omgangen, og både 2-0 og 3-0 kom som resultat av flotte angrep.

.png)

