reinhaldar_250x244

Surnadal vidaregåande skole treng reinhaldsvikar

Skolen er i beit for ein reinhaldar i 58% stilling. Jobben startar klokka 06.00 og varer til cirka klokka 11.00 måndag til fredag.

Skolen er i beit for reinhaldar frå no. Dette er i første omgang eit vikariat på ubestemt tid. Stillinga er 58 % av heil stilling. Reinhaldarane her jobbar vanlegvis kvar dag frå kl 06.00 til ca 11.00. Leiande reinhaldar Randi Mikkelsen kan svare på spørsmål om stillinga på tlf 454 54 087.

Veke 9 er det vinterfeie for skolen. Reinhaldarane er på jobb kun måndag 28. februar denne veka. Dette kunne også vera ein fin dag for litt opplæring.

Søknad kan sendast til Surnadal vidaregåande skole, 6650 Surnadal eller epost til surnadal.vgs@mrfylke.no. Vi ønskjer kun cv som vedlegg i første omgang.Kontakt skolen snarast dersom du er interessert.