DSCN4741_1000x984

Surnadal vil ha forvaltaren av verneområdet

Surnadal kommunestyre vedtok torsdag einstemmig å ta i mot invitasjonen frå Miljøverndepartementet om å delta i forvaltninga av Trollheimen landskapsvernområde. ei forutsetting er full statleg finansiering. Ragnar Halle (Sp) foreslo i tillegg at eit senter for dette og områdeforvaltaren blir lagt til surnadal, da 41 prosent av området ligg innafor kommunen.

Hovedutval for teknikk og miljø si tilråding:
Surnadal kommune tek i mot tilbodet frå miljøverndepartmentet om å delta i forvaltninga av Trollheimen landskapsvernområde slik ny forvaltningsmodell er omtalt i brev frå departementet datert 14.12.2009. Ein føresetnad for å ta imot tilbodet er full statleg finansiering. Finansieringa må også innebefatte midlar til ei god løpande forvaltning av verneområdet, og ein føreset at verneområdestyret sjølv kan disponere bruken av desse. Ordføraren skal være Surnadal kommunes faste representant i eit evt. verneområdestyre, med varaordføraren som vararepresentant.

I kommunestyret torsdag foreslo Else Brandvoll Andresen (Sp) å ta ut siste setning i tilrådinga frå HTM. Det fekk ho fleirtal for.

Ragnar Halle (Sp) sette fram følgjande tilleggsforslag:
Da 41 prosent av arealet i Trollheimen landskapsvernområde ligg innafor Surnadals kommunegrense, er det naturleg at ei framtidig oppbygging av eit regionalt forvaltningsknutepunkt/naturinformasjonssenter med ein verneområdeforvaltar, blir lagt til Surnadal kommune.

Ragnar Halle fekk også fleirtal for sitt forslag.

DSCN4741_1000x984
Ragnar Halle (Sp).
DSCN4730_1000x429
Surnadal vil vere med og forvalte Trollheimen landskapsvernområde.