Surnadalsbrosjyrar i Rindal
Rådmann i Surnadal, Knut Haugen, svarar her på kvifor kommunens informasjonsbrosjyrar har havna i postkassen til nokre av innbyggarane i Rindal.
Ser på Trollheimsporten at Surnadal kommune blir oppfatta som utidig i Rindal ved at vår informasjonsbrosjyre har hamna i ein del postkasser i Rindal.
Vi er kjent med at dette har skjedd, og det har seg visst slik at distribusjon av uadressert C-post (merkeleg nok) ikkje går etter kommunegrenser og postnummer. Da vi bestilte utlevering av vår info.folder fekk vi høyre frå Posten at postruta / bringetenesta for Øvre Surnadal gjekk delvis inn i postnummer 6657, men for å få ut info. til alle husstandar i Surnadal kommune såg vi ikkje dette som eit stort problem. Vi tenkte at dette evt. får hamne i bunken av anna reklame som kjem i posten, og at dette gjekk bra.
Men vi beklagar sjølsagt viss dette vart oppfatta som utidig i Rindal. Det var i alle fall ikkje vår meining.
Det er grunn til å tru (ut frå det vi vart forklart frå Posten) at det motsatte vil skje viss Rindal kommune skal sende ut informasjon som uadressert C-post til sine innbyggarar. Altså at nokre innbyggarar i Surnadal vil få brosjyre frå Rindal. Men dette går sikkert bra det også.
Fortsatt god kommunereform – i både Rindal og Surnadal!
Arkivfoto.