
Surnalaksen

Lars Krangnes arbeider gjennom firmaet Cautus Geo AS, som ønsker å være ein ledande og utviklande aktør innan effektive og sikre løysingar for overvåking av stabilitet. Firmaet hans er f.eks. sterkt inne i overvakinga av rasfaren på Åkneset i Stranda.
Han gav tilhørarane ein interessant gjennomgang av utstyr som kan ein kan vurdere å bruke i overvakinga av Surna, både med omsyn til vassføring og vasskvalitet, lus på laks og oppgang av oppdrettslaks. Dette vil no bli vurdert av elvaeigarane, og noko kjem heilt sikkert til å bli tatt i bruk. Først kjem kanskje heilt fotoovervaking med heilt nyutvikla høgoppløysingskamera som kan registrere størrelse, om det er oppdrettslaks, lusangrep eller annan skade.
Lars Krangnes er svært interessert i elva Surna, sida han sjølv er framtidig grunneigar.
Elveeigarane er denne sesongen særleg aktive i kampen mot lakselusa. Her plakaten på brua ved Harangen. Den er godt synleg frå hovudvegen.
Vil du følge med i det som skjer i elva Surna, så ser du på Surna si eiga heimeside! Der finn både aktuelt stoff, reglar og historie.

.png)

