Rindal IL fotball:
Surt poengtap
I eit vær som minna lite om at vi faktisk er i slutten av mai, fekk Rindal IL`s damelag, 7`er avd. 3, besøk av Hitra på Skogsletta. Det blei ein tett batalje og spenning heilt til siste spark på ballen.
Heimelaget tok tidleg tak i kampen og scora etter berre nokre minutt! Ballen vart sett i nota av ein god Randi Fiske Pedersen. Like etterpå fekk Mali Eidnes Bakken i veg eit godt skot, men dessverre gjekk ballen i stonga og ut. Etter dette kom bortelaget meir og meir inn i kampen og skapte fleire halvsjansar utan dei klarte og omsetta dei til gjeldane resultat i målprotokollen. Heimelaget var òg farleg frampå og det var nære 2 - 0 etter 15. min. spel, då kaptein Ailin Van Til knalla ballen i overliggaren! Og det var ikkje nok med det; berre eitpar minutter seinare kunne heimelaget feira 2 - 0! Nok ein gong var Fiske Pedersen frampå og sette kontrollert inn i nota. Dei ti siste minutta av 1. omgang skjedde det mykje, for bortelaget reduserte til 2 - 1 først før Mali E. Bakken kunne sette inn 3 - 1, men Hitra kvitterte nok ein gong før pause slik at stillinga ved pause var 3 -2 til heimelaget.
Heimelaget starta friskt i andre omgang og Fiske Pedersen fullførte hat-tricket sitt med å setje inn 4 - 2 tidleg. Like etterpå hadde Van Til ein kjempesjanse til å auke leiinga, men ballen strauk stolperota. Etter dette kom Hitra meir og meir inn i kampen og det var ikkje ufortent at dei reduserte til 4 - 3 midtvegs i omgangen. Etter det bølga spelet fram og tilbake utan noko farlegheiter framom nokre av måla.
Sluttminutta vart også hektisk i 2. omgang, for Hitra klarte og utlikne til 4 - 4, men heimelaget slo tilbake nesten straks med Mali Eidnes Bakken som sette 5 - 4 ! Heimepublikummet øyna sjansar for tre poeng til heimelaget, men i tillegg til snøvær og meget få plussgrader, helte Hitra kaldt vatn i årene på dei frammøtte og sette inn 5 - 5.
Det vart òg sluttresultatet, og heimelaget måtte sjå at to poeng gjekk fløyten i sluttminutta.
Heimelaget spelte ein god match, og sjølvsagt må tremålscorar Randi Fiske Pedersen trekkjast fram som ein av dei mest toneangjevande, saman med Mali Løset som gjorde ein solid jobb i Rindals forsvar..
Kampfakta: Rindal IL - Hitra 5 - 5
Rindals lag (mål i parantes)
Maren Rønning, Guri Glåmen, Randi Fiske Pedersen (3), Mali Løset, Solveig Løset, Mali Eidnes Bakken (2), Ailin Van Til, Anne Forsberg Røen, Lene Sofie Sveen, Mali Beate Norli, Inger Mette Gravvold Fiske, Siri Sylte Heggset.
Kaptein Ailin Van Til legg corner i snødrevet.
Randi Fiske Pedersen leverte og scora tre mål! Hattrick!
Ufyseleg vær!