Årets julesjekk frå Surnadal Sparebank:
Suverent samarbeid får støtte som varmar
Dei siste 14 dagane har Surnadal Sparebank, tradisjonen tru, hatt avstemming på Facebook for å kåre mottakaren av årets julesjekk, verd 5 000 kroner. Alternativa, som banken sjølv kom opp med, var Surnadal Sanitetsforening, Kristiansund Sjakklubb og FIREfotball Trondheim.
– I gamle dagar køyrde vi ein runde med julegåver til kundane, før vi gjekk over til julebrev med pennar og liknande i. Dette kosta oss pengar vi mykje heller ville gje til gode, lokale formål, så dei siste fire-fem åra har vi i staden delt ut ein julesjekk, seier marknadssjef Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank. Ho fortel at banken bevisst ønskjer at det er folket som skal få avgjere kven dei tykkjer fortener sjekken.
– Vi i banken vel ut eitt godt formål med lokal tilknyting til kvart dei ulike kontora våre, etter det er det opp til folket å bestemme. Det tykkjer eg er fint, seier Dalsegg.
– Kjem veldig godt med
Årets vinnarar er Surnadal Sanitetsforening og Surnadal helsestasjon, som dermed følgjer i fotspora til Natteravnane, gratisbutikken Ting og Tøy og sanserommet ved Sommerrotunet aktivitetshus. Midlane er øyremerka eit samarbeidsprosjekt mellom dei to vinnarane, og tysdag fekk dei ein stor gåvesjekk som bevis på tildelinga.
Leiar Britt May Hollås i sanitetsforeninga rettar ei stor takk til både dei som har stemt og Surnadal Sparebank, og fortel villig om samarbeidsprosjektet:
– Det går ut på å hjelpe barnefamiliar som har ekstra stort behov for klede og utstyr til barn. Dersom helsestasjonen finn ut at ein familie treng hjelp, videreformidlar dei til oss. Då sett vi i gang tiltak for å skaffe det dei treng, slik at dei kan få låne, seier Hollås, og fortsett:
– Desse midlane kjem veldig godt med, og gjev oss fleksibilitet i arbeidet med å skaffe ting folk treng. Vi har mellom anna fått spørsmål om litt meir kostbare ting enn klede, som syklar og tvillingvogner. Tidlegare har vi ikkje kunne gå til innkjøp av noko slikt, men med midlane frå Surnadal Sparebank kan det kanskje vere muleg.
Rosar samarbeidet
Hollås får støtte av helsesøster Heidi Elnes Fiske ved Surnadal helsestasjon.
– Vi set veldig stor pris på denne tildelinga. Den gjer at vi kan kjøpe inn litt dyrare utstyr, som kjem folk til gode, seier Fiske.
– Ja, det kostar å drive frivilligheit, og i desse dagar er det ingen tvil om at frivilligheita verkeleg trengs, skyt Britt May Hollås inn.
Fiske rosar samarbeidet med Surnadal sanitetsforening, og fortel at partane og samarbeider innan tema som vaksinering og førebygging av rus.
– Mellom anna samarbeider vi om vaksinering av russen mot hjernehinnebetennelse, seier helsesøstera.
Oppmodar til bidrag
Liv Dalsegg er full av lovord om årets vinnarar, som vann kåringa suverent.
– Det er stor stas for oss å få bidra til slike gode formål, den innsatsen som vert lagt ned her er heilt ekstraordinær. Vi er kjempeheldige her i Surnadal, som har slike flotte tiltak og gode samarbeid.
Både Dalsegg og Hollås oppmodar folk til å donere ting dei ikkje lenger har behov for til sanitetsforeninga, slik at familiar som treng det kan få låne nødvendige klede og anna utstyr.
Leiar i Surnadal Sanitetsforening, Britt May Hollås, gjev marknadssjef Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank ein god klem og ei stor takk for tildelinga av årets julesjekk.
Det er ikkje berre julenissen (t.h.) som deler ut gåver til jul. Også Liv Dalsegg (t.v.) og Surnadal Sparebank er gåvmilde når høgtida nærmar seg. Det set Britt May Hollås (i midten) og Surnadal Sanitetsforening stor pris på.
Surnadal Sparebank og Surnadal sanitetsforening er medlemmer av Trollheimsporten.