nav_350x160

Svært få arbeidsledige i Rindal og Surnadal

Rindal og Surnadal er blant kommunane med lågast arbeidsløyse på Nordmøre. I tillegg har Rindal hatt flott vekst i folketalet i år, medan innbyggjartalet i Surnadal no har stabilisert seg etter fleire år med nedgang. Det er dermed all grunn til optimisme for vidare vekst og aktivitet i regionen!

Ved utgangen av august var det i Rindal registrert 16 heilt ledige personar, noko som tilsvarar 1,6 prosent av arbeidsstyrken. I Surnadal var talet 55 personar, eller 1,8 prosent. Dermed er Rindal og Surnadal blant nordmørskommunane som utmerkar seg med prosentvis ekstra låg arbeidsløyse. Berre Gjemnes med 1,0 prosent og Averøy med 1,4 prosent ledige, tronar høgare enn Rindal på tabellen.

Den nye månadsoversikta frå Nav viser også at det for Møre og Romsdal samla no er færre heilt ledige enn det var for eitt år sidan, medan det på landsbasis er ein auke på nokre få ledige i den same perioden. I august 2010 var 3305 personer heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Dette tilsvarar 2,5 prosent av arbeidsstyrken og er ein nedgang på 1,3 prosent frå same månad i fjor. 15 av 36 kommunar i fylket har no ei arbeidsløyse på under 2 prosent.

For Nordmøre ser situasjonen slik ut:

Kristiansund 342 ledige (2,8%),

Eide 31 ledige (1,8%)

Averøy 40 ledige (1,4%)

Gjemnes 14 ledige (1,0%)

Tingvoll 30 ledige (2,0%)

Sunndal 126 ledige (3,3%)

Surnadal 55 ledige (1,8%)

Rindal 16 ledige (1,6%)

Halsa 14 ledige (1,7%)

Smøla 29 ledige (2,7%)

Aure 45 ledige (2,5%).

På landsbasis var 76.100 registrert som heilt ledige hos Nav i august, og det tilsvarar ei arbeidsløyse på 2,9 prosent.

– Det siste året har det vore nedgang i arbeidsløysa blant bygge- og anleggsarbeidarar, industriarbeidarar og meklarar og konsulentar. Dette viser at dei yrkesgruppene som først vart hardast ramma av finanskrisa, no klarar seg betre, seier arbeids- og velferdsdirektør Tor Saglie til nav.no.