Svar på Magnars nøtter
- Magnar har nokre nøtter det var freistasamt å prøve seg på, skriv Anne Skjølsvold. - Ikkje alle var kjente, men det er utruleg kva ein kan "studere" seg til.
Det første (å biin) må eg melde pass på, men:
Det første (å biin) må eg melde pass på, men:
| Ainndørkj (eit andyrkje) er eit emnestre, eit trestykke som kan lagast om til reiskap, verkty e.l. Å grytt er å kaste eller slenge frå seg noko, gjerne på ein uvøren måte, "å grytt vekk nå" Når du er tykkjin er du fornærma eller halvsur eller begge deler Er du obyin, gjer du oby eller ugagn. Det er vel helst ungar som blir skulda for å vere oby`n. Kajsenn. Skulle gjerne høyrt dette uttala, men kan det vere kry eller karavorin? Når det er berre revlåin att, er det berre fillene eller ravane att (ei rivle (revvel) er ei remse eller fille) Rottve (ein rottved) er det vel ikkje så mange som brukar i dag, for det er eit tryneband som vart bruka ved grisslakting Gåråt er det same som "stripet". Har du arbeidd på ein åker sommars dag, kan du vere "gåråt tå lort" når dagen er omme. (Kjem av ei gåre som kan vere ei stripe, line, åre eller årring) Ein rubank er ein type høvel. Det finst mange av dei på museet. Sit du å nøle me nå, da strevar eller plundrar du eller arbeider lenge med noko |

.png)

