Gatebilfestival 2018
Svidd gummi på biltreff
Nordmøre gatebilklubb arrangerar gatebilfestival i Surnadal denne helga, og i ein eim av svidd gummi, sliten clutch, og nysteikt hamburger, fekk dei mange frammøtte både sjå og høyre på doningane.
Vèret var optimalt med delvis overskya og fin temperatur, og publikum strøymde på. Her var det motoriserte framkomsmiddel av alle slag å sjå. Både til årskomne og nye doningar sto og skein om kapp med sola, som til tider braut gjennom skylaget. Fleire av bilane var å sjå på "burne- banen" der publikum fekk sjå kreftane som budde i bilane. Til tider var heile plassen full av rauk, og det gjekk heilt klart med nokre dekk-sett! Det var òg ei avdeling for lastebil, traktor, motorsykkel og det var bilstereodemonstrasjon. I det heile noko for einkvar bil- og motorinteressert! Då Trollheimsporten besøkte treffet var det allereie kome mykje folk og bilar og det var tilløp til kø ved inngangen!
Ein klassisk Volvo Amason av det vakre slaget!
Lite oljesøl i motorrommet, for å seia det slik!
Gamal DAF
Fiat 127 i "orginal-skick"...
....og ein i racing-utførelse!
Bil og litt av ein bil! Tøft!
Røde Kors sto for "burger-flippinga"
Mercedes diesel-burn!
Fleire årgangar Opel.
Råskinn! Mustang GT
BMW`en får køyrt seg på spølar-banen.
VW Boble. Legg merke til takgrind med rullebrett og koffert! Ein fin cal-look dette!
Skodde? Neida, berre ein hissig BMW som rasar frå seg!
Dette bakhjulet har teke kvelden....
Mykje køyrety og folk.
Nordmøre Gatebilklubb er medlem av Trollheimsporten