1-2020-05-09 15

Svinviks arboret opna

Svinviks arboret opna sesongen idag, og i mai vil arboretet vere opent sju dagar i veka frå kl.11.00-16.00. Dermed blir det lengre opningstid enn normalt her. 
Opningstida vidare framover blir bestemt seinare, så følg med på annonsering.

MajaFrønesP1080763[1].JPG

Dessverre må dei halde kafeen stengt, men du kan ta med deg kaffe og eigen mat og nyte den på sitteplassane ute. Avdelingsledar Maja Frønes (over) håper at dei likevel kan opne kafeen på enkelte dagar. Det vil bli annonsert.

Det vil ikkje bli omvising inntil vidare, og billettbetaling skjer med Vipps.

Gjestene blir oppmoda om å ta hensyn til kvarandre og følgje koronareglane.

- Vi har god plass, så det ligg godt tilrette for å halde tilstrekkeleg avstand til kvarandre, seier Frønes.

KatarinaWedwlsbäckogMajaFrønesIMGP2684.JPG
Slik situasjonen er, så blir det ingen sommarhjelper, og dermed blir det berre fagansvarleg Katarina Wedelsbäck (t.v.), med doktorgrad i hagevitenskap, og avdelingsledar Maja Frønes som er å treffe i Svinvik arboret i sommar.

1-2020-05-09 15.46.51.jpg

Dugnad
Medlemmene i Surnadal Hagelag har møtt i små grupper på dugnad utover våren, så no er det verkeleg fint og ryddig her og klart for å ta imot besøk. Ny dugnadsrunde er lova rundt St.Hans, og dette betyr mykje for arboretet, som er svært glade for samarbeidet.

Arboretet
Den store samlinga av omlag 360 ulike rododendronar som har starta blomstringa no, er hovedgrunnen til å besøke Svinvik, men det er bartresamlinga på meir enn 250 ulike bartre som har gjeve staden namn.

FrukthagenIMGP2679[1].JPG

Det største prosjektet arboretet arbeider med no, er frukttresamlinga (over). Halvor Svinvik opparbeidde fram mot 1960 ei samling på over 100 eple-, pære-, plomme- og kirsebærtre! Mange av desse har forsvunne. No er 85 tre på plass, og kjem du hit om eit par veker så står dei i full blomstring!

Denne frukttresamlinga skal bli ein del av ei norsk genbanksamling, den einaste i Midt-Norge.

2020-05-09 15.41.27.jpg

Digitalsatsing
Nytt av året, og pressa fram av koronapandemien, er at du kan besøke norske museum digitalt. Det er utvikla ein app, KulturPunkt,
- Og dit kjem vi så fort vi klarer det, seier Katarina og Maja!
Der kan du studere tilboda før og etter at du har vore der, men det erstattar ikkje eit besøk!

Sklisikringpåtrappene2020-05-0915.38.26_690x1034.jpg
I år får trappene sklisikring!

Sommaren 2020
Alle arrangement som var planlagt denne sommaren er avlyst, og det kjem ingen busslaster med turistar. Derfor er det god plass til deg i arboretet, så ta deg turar dit i sommar, oppmodar vertane!

1-2020-05-09 15.28.41.jpg
Dei ulike vekstene ha namneskilt ved seg, så vil du vite kva plantene på bilda heiter, så må du ta turen til Svinviks arboret!

Vår Brubakken 2020-05-09_690x460.jpg
Tilbake i Rindal - vårblomster, men snødekte flater, og på Gåsvatna dukka klestativet nettopp fram!

1-IMGP2677
1-IMGP2680
1-IMGP2684
1-IMGP2685
1-IMGP2686
1-IMGP2689
1-IMGP2692
1-IMGP2693
1-IMGP2698
1-IMGP2704
1-IMGP2709
1-IMGP2710
1-P1080759
1-P1080760
1-P1080765
2020-05-09 15
2020-05-09 15
1-2020-05-09 15
1-2020-05-011
1-2020-05-012
1-IMGP2672
1-IMGP2674
1-IMGP2676