
Svorka får ny sjanse
Kommunestyret i Surnadal godkjente i fjor sommar at det skulle inngåast avtale gjennom Kommunekraft AS sitt anbod for sal av konsesjonskraft frå kraftstasjonane Gråsjø, Driva, Svorka og Trollheim. Kommunekraft AS sin anbodskonkurranse var gjennomført på vegne av LVK-kommunane (Landssamanslutninga av vasskraftkommunar), der Surnadal i etterkant kunne velje om kommunen ville vere deltakarar i anbodet. I dette anbodet vart det valt tre selskap som kommunane kunne ha minikonkurranse mellom.

Svorka Energi leverte også inn tilbod, men rakk ikkje opp i konkurransen. Selskapet bad seinare i eit brev om at kommunen ikkje skulle delta i det omtalte anbodet, men i staden halde ein ny anbodskonkurranse i eigen regi. Svorka hevdar dei ikkje var klar over at denne anbodsomgangen også omfatta Surnadal, og meiner at dei som lokalt selskap ville ha gjeve eit anna anbod om det berre gjaldt den lokale eigarkommunen.
I siste kommunestyremøte før jul vart det bedd om at det vart fremma ei ny sak til kommunestyret, der det vart opna for at også mindre kraftselskap får vere med i anbodskonkurransen. I påvente av denne behandlinga har administrasjonen avventa å melde kommunen på det vedtekne anbodet.
I sakspapira til den nye behandlinga i formannskapsmøtet tirsdag, meinte rådmann Geir Vikan med klare ord at dei folkevalde måtte godta resultatet av anbodskonkurransen.
"Så langt rådmannen er kjent med, er det resultatet av konkurransen og den situasjonen at vårt eige selskap ikkje vann, som er årsak til at det er ønskje om ein ny konkurranse. Dette synes ikkje å vere ein sakleg grunn til å avvise det gjennomførte anbodet", heiter det i sakspapira. Der vart det også presisert at Svorka Energi deltok på lik linje med selskapa som vann anbodet, og at det slik ikkje er riktig at mindre selskap ikkje fekk delta i den nasjonale konkurransen.
Formannskapet meinte likevel at føresetnadene var annleis for Svorka no, og at så lenge det er juridisk dekning for det, må ein eigarkommune kunne tilretteleggje for at eit lokalt selskap kan få eit oppdrag.

.png)

