Swingande salmer
Biskop Ingeborg Midttømme avslutta ein lang visitasdag i Rindal med songkveld i Rindal Menighetshus der dei fleste stolane var i bruk. Programmet var som dei vanlege songkveldane i Rindal. Salt & Pepper hadde ordna salen i lag med foreldra sine og laga til kveldsmat.
Sat & Pepper er alltid flotte både å sjå og høre, og i haust er det mange nye i dette barnekoret.
Allsangen, livleg akkompagnert av Husbandet, fylte godt opp i menighetshuset. Ingen kunne merke at dei hadde øvd berre ein times tid i lag dei tre, Espen Selbæk (piano) og brødrene Lillegård (slagverk og bass). Dei fekk verkeleg liv i allsongen!
Blæst'n hadde ingen problem med å fylle menighetshuset med tonane sine. Når dei introduserte You'll never walk alone, var dei nøye med å presisere at den melodien ikkje er ein fotballsong, men ei hymne frå Boadwaymusikalen Carousel.
Det var truleg somme i salen som likevel sendte tankane til ein fotballbane.
Høgdepunktet var likevel når Blæst'n framførte sin versjon av Jan Johansons Visa från Utmyra. Der fekk i alle fall Magne Lillegård leike seg lett og elegant på trommesettet.
Sjølvsagt fekk vi ei helsing frå biskopen! Og før pausen kom ho med oppmoding om å komme til gudstenesta i Rindal kirke søndag, for da hadde ho tenkt at vi skulle få synge salmen "Du er mi øy i havet, Gud" til tone frå Rindal, einaste soknet i bispedømmet som ikkje grenser til sjøen! Teksta er forresten av surndalingen Sverre Hatle.
Tekst/foto: OleT