sykkelveg_copy_309058c_350x175

Sykkelvegen er fiksa - men først skjedde det ei ulykke

Gang- og sykkelvegen ved Øye bru er no blitt langt tryggare å ferdast på. Berre kort tid etter at Trollheimsporten-skribent Bjørn Tore Brøske gjennom lesarbrev og intervju i Driva tok opp sykleforholda, vart dei farlege grøftene fylt igjen med asfalt. Men før dette arbeidet vart gjort fredag, skjedde det ei sykkelulykke på gang- og sykkelvegen - akkurat det Brøske åtvara mot.

Trollheimsporten-skribent Bjørn Tore Brøske sitt lesarbrev tidlegare i sommar om dei farlege sykleforholda på Øye bru i Surnadal, førte til at avisa Driva har laga redaksjonell sak på dei djupe grøftene i kvar ende av brua. Sjå lesarbrevet her.

- Kommunalsjef Inge Skogheim var i kontakt med Vegvesenet på nytt etter at lesarinnlegget stod på trykk, sa Surnadal-ordførar Mons Otnes til Driva onsdag 14. juli. Les saka her.

Fredag, berre to dagar seinare, var Kolo Veidekke på plass og igjen grøftene med asfalt slik at brupasseringa no har blitt langt meir behageleg for syklistar. Men kvelden før skjedde det ei ulykke nettopp her, da ein kvinneleg syklist velta etter å ha køyrd ned i ei av grøftene i gang- og sykkelbanen ved Øye bru, melder Driva.