
Tårnagentar i Åsskardkyrkja
TÅRN-AGENT-HELG i
kyrkja!
Men kva er det for noko?
- Laurdag og søndag skjer det ting i
Åsskard-kyrkja! seier Turid Sættem Eggen, leiar i soknerådet. -
Nokre barn i 8-9-årsalderen skal vera “Tårn-agentar”. Laurdag
utforskar dei kyrkjehuset på kryss og tvers, har mat-kos, får lyd i
orgel og kyrkjeklokker, leikar, syng og øver på ymse ting. Ein del
vaksne er også med og hjelper til. Søndag er det
familiegudsteneste.

- Innbyding til Tårnagent-helga har
gått til barn som er fødde i 2001, 2002 og 2003, seier Turid. -
Samlinga laurdag varer frå kl. 15 til 18.
Søndag kan Tårnagentane få delta i
gudstenesta – på mange måtar. Litt ekstra musikk blir det. Og der
får får alle oppleve dåp – når lille Harald skal døpast.
Det er Søndagsskulen og Kyrkja som
sarmarbeider om dette trusopplæringstiltaket.
- Kanskje såg du Tårnagent-programma
på TV i jula? No skjer det altså i Åsskard – på vår måte,
seier Turid.

Tekst/foto: Bernt Bøe

.png)

