ola magne nordvik 1 690

Startar opp fast distribusjon frå Surnadal havn:

Talgø MøreTre med historisk satsing

I eit halvt år har Talgø MøreTre jobba for å få alt på plass for å kunne frakte store mengder materialar med båt frå Surnadal havn. Onsdag starta fraktinga til kaia, og fredag går første båt med materialar til Haugesund, Bergen og Sandnes.

Sidan før Surnadal havn vart bygd, har det vore snakk om at ein må få til trafikk og aktivitet ved havna. No tek Talgø MøreTre sats, og frå og med fredag sender dei trelast sjøvegen til Rogaland og Hordaland – kvar veke.

– Vi har fått på plass eit opplegg med eit rederi, der vi får sendt materialar ein gong for veka, seier prosjektleiar logistikk for Talgø MøreTre, Ola Magne Nordvik.

Han fortel om eit omfattande forarbeid over seks månader, med mange involverte partar.

– Det er mange ledd i ein slik prosess, og alle involverte må vere med og gjere kvarandre betre for at det skal fungere.

Til saman er det litt over 20 kundar av Talgø MøreTre som får levert materialar denne første båtlasta, som er på om lag 300 kubikkmeter trelast.

– For å sette det i perspektiv er det nok trelast til å dekkje over ein fotballbane, og vel så det, seier Nordvik, som fortel at lasta på båten vil vere ei blanding av ulike MøreRoyal-produkt.

Det same volumet vil altså verte frakta til Bergen, Haugesund og Sandnes kvar veke.

– Dette området utgjer om lag 20 prosent av marknaden vår, så den regionen er viktig for oss, seier Nordvik.
 

Kapasitet, miljø og økonomi

Det er fleire grunnar til at Talgø MøreTre no tek sjøvegen i bruk for å frakte trelast. Den viktigaste er større kapasitet, fortel Nordvik.

– Under høgsesongen i fjor hadde vi trøbbel med å skaffe nok lastebilar til å ta unna alle bestillingane. Med båt vil vi kunne ta unna meir og raskare, berre det vi skal sende no på fredag utgjer 10 trailerlass. Dermed unngår vi at distribusjonen blir ein flaskehals ut mot kundane, seier han.

– Så har ein miljøaspektet. Det er hensiktsmessig for miljøet at vi får varer over på båt. I tillegg seier det seg sjølv at det må ligge ein økonomisk gevinst i botnen for oss, og jo lenger ein fraktar last med båt – jo meir løner det seg.

Nordvik fortel at nettopp sistnemnde poeng gjer at Talgø MøreTre på sikt og tek mål av seg til å distribuere materialar med båt også nordover.

– Dei to båtane som kjem til Surnadal går i rute, mellom Sandnes og Tromsø. Per no skal vi frakte last når båten går sørover, men vi har som mål å kunne frakte last når båtane går nordover og, seier prosjektleiaren, og fortsett:

– Å komme innom Surnadal er ein omveg for dei, men i sesong har vi nok varer som skal fraktast til at dei tek turen innom. I sesong, truleg fram til og med oktober, har vi nok volum som skal sørover til at vi oppfyller rederiet sine krav. Nordover har vi litt mindre.


– Vil bidra til trafikk ved havna

Talgø MøreTre håpar no at andre lokale aktørar henger seg på ruta, slik at både voluma og aktiviteten ved Surnadal havn aukar.

– Alt monnar her, det handlar om å sikre grunnlag for ruta, seier Nordvik.

Han fortel at det å bruke havna og bidra til aktivitet er ein bevisst politikk frå Talgø MøreTre si side.

– Det kjem lokalsamfunnet og distriktet til gode, så forhåpentlegvis vil det at vi startar opp med dette gjere at fleire heng seg på, seier Nordvik, og legg til:

– Det har vore mykje vesen med organiseringa, men no når den jobben er gjort har vi fått opparbeidd oss kunnskap om korleis ein kan gjere det. Så det at Talgø MøreTre har bruka såpass med ressursar på dette kan komme fleire lokale bedrifter til gode.
 

Omfattande forarbeid

Bedrifta har og tidlegare gjort sporadiske forsøk på å frakte trelast sjøvegen.

– Då var nok forarbeidet vårt litt for dårleg, mellom anna hadde vi ikkje gode nok ordningar for distribusjonen frå havna og ut til kundane. Båtane fraktar jo lasta berre frå havn til havn, så det er vi som må ordne med frakt både til og frå havnene.

I Surnadal er det Trollheim AS som har ansvaret for lossinga av trelasta som skal sendast, og Nordvik fortel at tilsvarande avtalar no er på plass og ved dei tre havnene lasta kjem til.

Det omfattande forarbeidet gjer at bedrifta no har stor tru på å lykkast med den nye ruta.

Dersom opplegget fungerer like godt som Talgø MøreTre håpar og trur, ønskjer dei på sikt å sjå på mulegheitene for å frakte materialane frå lageret på Syltøran direkte til Surnadal havn, utan at dei må innom hovudvegen.

– Slik det er no må vi sikre lasta som om den skal køyrast til Oslo, sjølv om den berre skal frå lageret til havna. Det er ein driftsveg ved Syltøran, og der manglar det ikkje mange metrane før den kan gå heile vegen til havna, seier Nordvik.

Han presiserer samtidig at det er viktig å ta ein ting om gongen:

– Først må vi sjå til at dette opplegget fungerer, så får vi byggje veg etterpå, seier prosjektleiaren, og smiler.

ola magne nordvik 3.jpg
Prosjektleiar logistikk for Talgø MøreTre, Ola Magne Nordvik.

trollheim as på surnadal havn for talgø møretre.jpg
Trollheim AS har jobben med lossing av trelasta som skal sendast med båt på fredag.

ola magne nordvik 2.jpg
Totalt 300 kubikkmeter trelast skal vere med båten til Bergen, Haugesund og Sandnes fredag. Det tilsvarar 10 trailerlass, eller trelast nok til å dekkje ein fotballbane, og vel så det.


Talgø MøreTre er medlem av Trollheimsporten.