
Talgø overtek heile Vinstra-lageret
Sidan 2008 har Talgø-konsernet og Handelshuset Martinsen hatt eit samarbeid om lager og distribusjon. Talgø overtek no heile lageret og doblar dermed lagerkapasitet sin frå 10.000 kvadratmeter til 20.000 kvadratmeter, heiter det i ei pressemelding frå Talgø.

Overtaking skjer 1. januar 2011, og Handelshuset Martinsen flyttar til eige lager på Jevnaker. Talgø opprettar eit eget selskap som vil bli 100 prosent eigd av morselskapet Talgø Invest AS. Det nye selskapet vil få 15-20 tilsette og får eiga leiing.
Den positive utviklinga som konsernet har hatt dei siste åra har gjort det naudsynt å auke lagerkapasiteten. Konsernet har som mål å auke aktiviteten i åra framover. Hittil i 2010 kan T-Komponent vise til ein auke på 40 prosent, MøreTre har ein auke på 30 prosent og Talgø Møbelfabrikk sin auke er på over 20 prosent, heiter det i pressemeldinga.

.png)

