tp_leserinnlegg

Lesarinnlegg:

Tankar rundt framtida si eldreomsorg

 

Eldreomsorg blir no ei stadig større oppgåve i åra frametter. Talet på eldre over 80 år vil auke med om lag 50 prosent fram mot 2040. Den verkeleg store auken vil kome når etterkrigsbarna blir 80 år. Det vil seie frå rundt 2025. I tillegg kjem dei aldrande innvandrarane.

Dette er fakta som må leggast til grunn når det gjeld planlegginga av eldreomsorga i åra frametter.

Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal har ved fleire høve peika på at det er manglande eldreplanar som tek situasjonen på alvor.

Det er og slik at eldreomsorga er av ulik kvalitet og omfang rundt om i kommunane. Dette er ikkje bra. Eldreomsorga bør vere mest mogleg lik same kor ein måtte bu i dette landet.

Korleis ein skal rette opp denne situasjonen er det delte meiningar om. Det er som kjent «fleire vegar som fører til Rom».

Statleg finansiering av eldreomsorga er ein veg å gå. Den prøveordninga som er på gang med slik finansiering i enkelte kommunar vil kunne gi svar på om dette kan vere ein veg å gå.

Etter som eg forstår er tilbakemeldingane frå ei involverte kommunane gode. Ei innvending mot statleg finansiering av eldreomsorga er at dette vil redusere kommunane sitt handlingsrom når det gjeld prioritering av kommunale midlar.

Det kan så vere.
Men da skal ein også vere klar over at dei eldre på mange måtar er ei svak gruppe som lett kan bli overkøyrd når kommunebudsjetta blir klubba gjennom ved juletider kvart år.

I min heimekommune Surnadal blei det i 2017 mot tre røyster vedtatt mellombels å legge ned 8 sjukeheimsplassar for å få eit kommunebudsjett i balanse. I løpet av få år hadde da den same kommunen tidlegare lagt ned heile 20 institusjonsplassar. 15 av desse plassane skreiv seg då frå nedlegginga av Stangvik aldersheim.

Alt dette skjer i ei tid kor det er venta stor auke i talet på eldre over 80 år i kommunen.

Framskrivingstala frå SSB talar sitt tydelege språk i så måte. Åtvaringar frå eldreråd, pensjonistlag, pårørandeforening, demensforening og helselag og hovudtillitsvalde frå Fagforbundet og Sjukepleiarforbundet blei det ikkje tatt omsyn til.

Innbyggjarane i Surnadal kommune er elles ikkje åleine om å oppleve at slike «grep» som nemnd over skjer.

Mangelfulle tenester kan gjere alderdomen vond og utrygg for mange eldre og deira pårørande. For tilsette i kommunane kan dette også vere ei påkjenning. Samvitsfulle sjukepleiarar og helsefagsarbeidarar kan slite seg ut for å hjelpe utrygge eldre og frustrerte pårørande. Dette er situasjonar som ein må freiste å unngå så sant det let seg gjere.

Mange kommunar har ei bra eldreomsorg. Men alt er ikkje like bra. Det er derfor så viktig at dei svakaste eldre får det same tilbodet innan pleie- og omsorg uansett i kva del av landet ein bur i.

Det er viktig at dei tilsette innan pleie og omsorgstenestene får gode arbeidsvilkår. Dei har ein krevjande og viktig jobb. Vidare er det viktig at styresmaktene lyttar til dei signal som kjem frå dei eldre sine råd og organisasjonar og ikkje minst frå dei pårørande.

Vi har no fått ein ny eldrestatsråd, Åse Michaelsen, frå regjeringspartiet FrP. Det er å håpe at denne statsråden kjem til å gjere sitt for å betre norsk eldreomsorg slik at dei eldre får tenestene og tryggleiken dei treng og kan leve sine liv med verdighet og meining.

Johs. J. Vaag