Header

Rindal IL fotball:

Tap for herrelaget

Heimelaget Rindal, fekk onsdag kveld besøk av Trønder-Lyn på Skogsletta. Det blei ein tøff kamp for heimelaget mot eit ballsikkert bortelag.

På ei heilt utmerket Skogsletta-matte og fint spelevèr, fekk rindalsherrane bryne seg mot tøff motstand. Trønder-Lyn hadde ikkje tenkt å gje seg uten kamp! Første omgangen var sjansefattig med eit spelemessig overtak til gjestane, men Roy Bolme kunne ha skutt heimelage i leiing tidleg, men makta ikkje sette ballen i mål. Bortelaget avslutta omgangen med ein kjempesjanse, men keeper Stian Grytbakk fekk ei hand på ballen som deretter gjekk vidare i tverliggaren. Dermed måtte begge laga gå mållause av banen.

Andre omgang starta på same vis som den første vart avslutta. Bortelaget med spelemessig overtak, og det var ikkje heilt ufortent at Trønder-Lyn gjekk opp i ledelsen ti minutt ut i omgangen. Heimelaget trong ikkje lang tid for å kvittere! Martin Bolme Fjerstad drog seg fint inn i sekstenmeteren og satta ballen kontant i mål! 1-1! Sjølv om bortelaget hadde ballen mest, var det vertane som hadde dei største sjansane, og Roy Bolme hadde fleire skot som dessverre bortelagets burvaktar fekk hanskane på.

Avgjeringa kom etter ca 80 minutter, og det var ein corner som heimelaget ikkje fekk avklara og ballen datt ned i føtene til Trønder-Lynspelaren som knalla ballen hardt og utagbart for heimelagets sisteskanse. Dermed blei alle poenga med nordover.

Rindal IL - Trønder/Lyn  1 - 2

Rindals lag:

Stian Grytbakk,Vegard Karlstrøm, Jørgen Gjerstad, Harald F. Røen, Are Aune, Edvard Bolme Fjerstad, Stian Bolme, Roy Bolme, Martin Bolme Fjerstad, Jostein Landsem,Sander Kattem Landsem. Innbyttere: Lars A. Møkkelgård, William Meskun, Alf Ole Elshaug.

Martin Bolme Fjerstad.JPG
Målscorar for heimelaget,Martin Bolme Fjerstad

Vegard Karlstrøm.JPG
Vegard Karlstrøm spelte ein god kamp.