G16 Surnadal Norway Cup

Tap i første kamp for G16

Surnadals gutter 16 måtte innsjå at dei ikkje hadde marginene på si side i innledande kamp mot Koppang FK på Norway Cup søndag. Etter 2x25 minutt med tidvis energisk spel, vart sluttresultatet 2-1 i favær av motstandaren. Frå sidelinja vart det, naturlegvis heilt objektivt, vurdert at surnadalslaget absolutt hadde fortent poeng under sin første cupkamp. Men slik gjekk det altså ikkje.

Scoringa i andre omgang var ved Jonas Aasbø. Gutane sleit dei første 15 minutta med å tilpasse spelet på eit heller krevjande underlag, ei nokså sliten kunstgrasmatte på ein av idrettslaget Abildsø sine banar. Samtidig var det synd at keeper Olav Aasgård gjekk ut med skade etter berre få minutt. Mikkel Bæverfjord kom inn som erstattar. Skaden til Olav skal ikkje vere alvorleg, men det er søndag kveld ikkje heilt avklart om han stiller på dagens kamp mot Åsane 3 på Ekebergsletta.

Surnadals støtteapparat stilte manns- og kvinnesterkt opp, og det vart sagt at oppslutninga publikumsmessig mesta kunne måle seg med ein A-lagskamp på Syltøran. Både spelarar og familie finn seg godt til rette i finveret i Oslo. Vi kryssar fingrane og ønskjer både G16 og øvrige lag lykke til med nye utfordringar vidare i Norway Cup!

G16 Surnadal Norway Cup.png

Surnadals gutter 16 gjekk på eit surt tap i sin første dyst på matta under Norway Cup. Scoringa ved Jonas Aasbø i andre omgang var eit viktig bidrag, men kampen enda 2-1, men seier til Koppang FK. I dette biletet er mellom anna Sander Smevoll, Jonas Aasbø, Eirik Nordvik og Sven Ranes.

Publikum.png

Mange familiar følgjer sine spelarar på Noway Cup. Foreldre, søsken, besteforeldre og tanter og onklar var å sjå under G16-kampen søndag. I dette bildet ser vi blant anna representatar frå familiane Aasgård, Snekvik, Lindvåg og Ranes. I framgrunnen Helle Vaseng og Anita Gjerstad Lindvåg.

Benken.png

Tove Kristin Nordvik Holten (frå venste), Eva Holten, Haldor Aasbø, Vegard Snekvik, Arve Holten, Viljar Kvande Fiske, Johannes Otnes, Tor Kvande, Marina Kvendset Fiske og Arnhild Bergheim er på Norway Cup.

Banen.png

Dei spesielle baneforholda på Abildsø gjorde det krevande å få godt feste for spelarane.

Tekst og foto: Rita Aarnes (fotballmor)