G13 og Gaza

Oppdatert:

Tapte mot utanlandsk motstand

Reint resultatmessig vart ikkje andre dag av Norway Cup noko særleg å rope hurra for sett med lokale auger, men fleire lokale lag har framleis mulegheita til å gå til A-sluttspel i verdas største fotballturnering.

Begge Surnadal sine G13/14-lag møtte tøff, utanlandsk motstand under Norway Cup måndag. Først ut var G13/14-2, som møtte Gaza Cannan Football Team frå Palestina. 

Etter berre fem minutt sette Abel Raaen eit straffespark i mål til 1-0 til Surnadal, men Gaza utlikna like etter, og snudde til 2-1-leiing før pause.

Førstereisgutane frå Surnadal møtte eit veldig godt lag, men full innsats og ein god kamp av keeper Jostein Reiten gjorde sitt for å halde kampen relativt jamn. Til slutt enda det med 2-6-tap for surnadalingane, som skal møte Skodje tysdag. Sunnmøringane tapte 1-6 mot Gaza i åpningskampen sin søndag.

Sunnmørsk motstand tysdag blir det og for Surnadal G13/14-2, som då møter gruppeleiarane Blindheim til ein kamp Surnadal helst bør vinne dersom dei skal gå til A-sluttspelet. Det vart klart etter at dei måndag tapte 0-1 mot tyske JFV Harlingerland.

Det stod 0-0 til pause, med blåtrøyene frå Vårsøgland som det førande laget, men det var altså Harlingerland og Max Röhlicke som scora det einaste målet i kampen. Harlingerland tapte åpningskampen sin 1-3 mot Blindheim, som måndag slo Fitjar 8-0.

Dermed står Surnadal G13/14-2 overfor ei tøff oppgåve mot Blindheim, etter 2-0 over Fitjar og 0-1 mot Harlingerland i sine to første kampar. I og med at tyskarane møter tabelljumbo Fitjar i sin kamp, må surnadalingane altså truleg slå Blindheim for å gå til A-sluttspelet.

I måndagens siste Norway Cup-kamp var Surnadal/Søya/Todalen i aksjon mot Gjelleråsen. Medan Surnadal åpna med 0-4-tap mot Sund/Skogsvåg, slo Gjelleråsen Ready 2 3-2 i sin første kamp. Måndag vann Sund/Skogsvåg 5-2 over Ready 2, medan det vart ei forrykande åpning i kampen mellom Surnadal/Søya/Todalen og Gjelleråsen.

Allereie etter to minutt scora Gjelleråsen, men Vegard Dønnem utlikna for samarbeidslaget minuttet etter. Etter seks minutt tok imidlertid laget frå åsen som husar hovudfabrikkane til både Ringnes og Diplom-is leiinga på nytt, og 1-2 stod seg til pause.

Ørjan Møkkelgjerd utlikna til 2-2 rett etter halvtid, og Surnadal/Søya/Todalen jakta eit vinnarmål. Møkkelgjerd var nær si andre scoring for dagen, men avslutninga gjekk like utanfor mål. I staden sette Gjelleråsen inn 3-2, som vart sluttresultatet. 

Dermed er Gjelleråsen og Sund/Skogsvåg klare for A-sluttspel, medan Surnadal/Søya/Todalen og Ready 2 går til B-sluttspel. Med seier over Ready 2 tysdag tek samarbeidslaget tredjeplassen i gruppa.
 

Storseier til Surnadal J15

Tidlegare på dagen gjorde Surnadal sitt J15-lag kort prosess, då Askøy 2 var motstandar på Ekebergsletta måndag morgon.

Etter 16 minutt sette Emma Halle eit frispark i mål til 1-0, medan Ihne Botten Henden la på til 2-0 fire minutt seinare.

Blåtrøyene var det klart beste laget i kampen, og då Kaia Vikavoll la på til 3-0 like før pause, var kampen i realiteten avgjort.

Heilt i starten av den andre omgangen auka Mathea Lysø til 4-0 etter frispark frå Agnes Vikavoll, og fleire mål vart det ikkje i kampen.

Dermed har surnadalsjentene slått hardt tilbake med to seirar etter åpningstapet for Charlottenlund. Surnadal J15 stiler på Norway Cup med ei blanding av 2004-, 2005- og 2006-modellar, og møtte i Charlottenlund eit reint 2004-lag, som vart for sterke og vann 2-0.

Etter 2-0 over Drangedal og no 4-0 over Askøy 2, kjempar Surnadal no etter alt å dømme med Charlottenlund og Røa 1 om to plassar i A-sluttspelet.

For å sikre seg plass der må surnadalingane etter alt å dømme slå Røa 1 på Rustadfeltet tysdag morgon. Røa 1 slo nemleg Askøy 2 6-0 i sin første kamp, før dei måndag tok ein knepen 1-0-seier over Drangedal i ein kamp der det stod 0-0 til om lag halvvegs ut i andre omgang.

Surnadal J15 - foto Mari Vattøy.jpg
Surnadal J15.
 

Tap for 16-åringane

Blant dei andre lokale laga som har vore i aksjon måndag er Surnadal J16 og Surnadal/Søya/Todalen G16.

Jentelaget, som slo Sogndal 4-0 søndag, tapte til slutt 0-1 for Sykkylven. Etter ein første omgang der Surnadal hadde flest og størst sjansar, fekk motstandarane utteljing ni minutt ut i andre omgang. A-sluttspel er framleis innan rekkevidde for Surnadal J16, som møter både Lambertseter og Nord tysdag.

Lambertseter åpna Norway Cup med å slå Sykkylven 3-2 og Sogndal 1-0, medan Nord slo Sogndal 2-0 i sin første kamp. Lambertseter og Nord møtest til dyst måndag klokka 18.10.

Heller ikkje samarbeidslaget på G16 fekk med seg poeng måndag. Etter ein forholdsvis jamn førsteomgang mot Vestsiden-Askøy 1 stod det 1-0 til vestlendingane, etter at dei scora på straffespark 22 minutt ut i kampen. Like etter pause gjekk Vestsiden-Askøy opp til 2-0, før dei fastsette sluttresultatet til 3-0 få minutt før full tid. 

Det ligg dermed an til B-sluttspel på samarbeidslaget, etter 0-3 både mot Kongsvinger og Vestsiden/Askøy. No ventar Rennebu i siste kamp. Trøndarane slo Vestsiden-Askøy 3-2 søndag, før dei tapte 2-3 mot Kongsvinger måndag.

I teorien kan laget gå til A-sluttspel, men for at det skal skje må dei sikre seg firemålsseier over Rennebu, samtidig som Kongsvinger helst bør slå Vestsiden-Askøy med minst fem.
 

Bøfjord og KUST i aksjon

Bøfjord sitt G12-lag er og i gang med turneringa si. Måndag vart det 2-4-tap for Nordstrand Hvit, før BB slo kraftig tilbake og vann heile 8-3 over Høybråten og Stovner. 

Laget, som har med seg spelarar både frå Bøfjord, Bæverfjord og Surnadal, fortsett Norway Cup på onsdag, med kamp mot Vålerenga Blå. Det er ikkje tabell eller sluttspel i denne klassa.

Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen (KUST) sitt sjuarlag i J13/14-klassa fekk ein god start på Norway Cup då dei søndag slo Varegg 2-0. Måndag vart det tøffare for jentene, då Hareid stod på motsett banehalvdel. Sunnmøringane scora tre gonger før KUST reduserte, og samarbeidslaget gjekk dermed på eit 1-3-tap.

Hareid tapte åpningskampen sin 0-4 for Syril søndag, og måndag vann Syril 7-2 over Varegg. Før kampane tysdag står dermed både KUST og Hareid med tre poeng kvar, og i siste innleiande kamp er det klart for Syril-Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen og Varegg-Hareid.

Utfalla i dei to kampane avgjer kva to lag som avanserer til A-sluttspelet.


Lokale kampar i Norway Cup måndag:

J16 11er: Surnadal-Sykkylven 0-1

J15 11er: Surnadal-Askøy 2 4-0

J13/14 7er: Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen-Hareid 1-3

G16 11er: Surnadal/Søya/Todalen-Vestsiden-Askøy 0-3

G15 11er: Surnadal/Søya/Todalen-Gjelleråsen 2-3

G13/14 7er: Surnadal 1-JFV Harlingerland (Tyskland) 0-1 og Surnadal 2-Gaza Cannan Football Team (Palestina) 2-6

G12 7er: Bøfjord-Nordstrand Hvit 2-4 og Bøfjord-Høybråten og Stovner 8-3.
 

Surnadal J16 - foto Mari Vattøy.jpg
Surnadal J16.