Bøfjorden historielag melder:
Tema Husmorskulen
Einar Oterholm er søndagens kåsør på museet i Bøfjorden. Han tek for seg historikk og levd liv knytt til «Nordmøre Husmorskule» - som dei fleste minnest frå den tida den låg på Halsa.
- Eg kjem til å starte med dei første forsøka på å få til «undervisning forframtidige husmødre», seier Oterholm. - Etter litt om og men kom husmorskulen i gang for fullt på Øydegard i Straumsnes. Seinare flytta den til Megarden i Halsa.
I biletkåseriet formidlar han korleis undervisninga var og – interessant for fleire enn elevane der, vil vi tru: Korleis fritida arta seg i ein intens periode av mange unge jenters liv.
Publikum vil både nikke attkjennande og få vite meir enn dei visste når Einar Oterholm i kjent stil fengslar forsamlinga på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.